Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Vaksinering  |  Testing

Vaksinespørsmål: 57 73 80 00 (kvardagar 09.00–14.00)

 

Legitimasjon og valkort

Du må ta med legitimasjon når du skal stemme, både ved førehandsstemming og på valdagen.

Det er ikkje tilstrekkeleg å oppgi namn og fødselsdato.

Legitimasjon kan for eksempel vere pass, førarkort og bankkort med bilde, men du kan også bruke annan type legitimasjon. Kravet er at legitimasjonen inneheld namn, fødselsdato og bilde.
 

Du får valkortet ditt digitalt

Å få valkortet er først og fremst ei stadfesting på at du har røysterett ved valet.

På valkortet står det kva valkrets du høyer til, slik at det er enkelt for deg å vite kvar og når du skal røyste på valdagen 13. september. Sjølv om du høyrer til ein valkrets kan du likevel velje fritt blant vallokala i Fjaler kommune.

Vi ønsker at du tar med deg mobiltelefonen og har valkortet klart når du skal røyste, det vil gjere det enklare og raskare for valfunksjonærane å finne deg i manntalet. Valkortet gjeld ikkje som legitimasjon. 
 

Valkort på papir

Personar som har reservert seg mot elektronisk post i kontakt- og reservasjonsregisteret, eller som ikkje har oppdatert eller stadfesta kontaktinformasjonen sin i registeret dei siste 18 månedane, får valkortet tilsendt på papir i posten.