Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Vaksinering  |  Testing

Vaksinespørsmål: 57 73 80 00 (kvardagar 09.00–14.00)

 

Førehandsrøysting

Frå 10. august opnar vi for den ordinære førehandsrøystinga. Den varer fram til 10. september. Vi oppfordrar så mange som råd til å førehandsrøyste ved valet i år. Dette er ei tilråding frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet, for å spreie veljarane mest mogleg og unngå kødanning på valdagane.

I førehandsrøysteperioden kan du røyste i alle kommunar i landet. Når du røystar i ein annan kommune enn du er manntalsført i, vert røystegjevinga di så sendt til heimkommunen din. Du er sjølv ansvarleg for å røyste på eit tidspunkt som gjer at røystegjevinga di kjem inn til valstyret innan kl.17 dagen etter valdagen.

Hugs at det ikkje er mogleg å angre på røystegjevinga. Dersom du røystar på førehand kan du ikkje røyste på nytt, heller ikkje på valdagen. 

 

Opningstid for førehandsrøysting 10. august til 10. september på Fjalerhuset

  • Måndag–fredag 10. august–10. september, klokka 08.00–15.00
  • Langope: måndag 30. august, klokka  08.00–18.00
  • Langope: torsdag 2. september, klokka  08.00–18.00
  • Langope: måndag 6. september, klokka  08.00–18.00
  • Langope: torsdag 9. september, klokka  08.00–18.00

Hugs legitimasjon!
 

Skal du røyste frå utlandet eller på Svalbard?

Veljarar som bur eller oppheld seg i utlandet kan førehandsrøyste hos utanriksstasjonar eller oppnemnde røystemottakarar. Svalbard og Jan Mayen er omfatta av dei same reglane som utanriksrøystegjeving. 

Det er mogleg å røyste frå utlandet, Svalbard og Jan Mayen frå 1.juli. 

Røyste heime

Dersom du er sjuk eller ufør kan du søke om å få  førehandsrøyste heime. Du skal også røyste heime dersom du er i isolasjon etter § 4 i Covid-19-forskrifta.

Veljarar som er sjuke eller uføre og ikkje kan møte opp for å førehandsrøyste. Fristen for å søke om heimerøysting er fredag 10. september, klokka 10.00.

Du kan ringe sentralbordet til Fjaler kommune på telefon  57 73 80 00 (09.00 - 14.00) for å gjere avtale om heimerøysting.

 

Røystegjeving på utdanning-, helse- og omsorgsinstitusjonar

Du kan førehandsrøyste ved:

  • Haugland rehabiliteringssenter: Torsdag 9. september, klokka 10.00–13.00
  • Dale vidaregåande skule: Tysdag 7. september, klokka 11.00–13.00
  • Fjaler sjukeheim: Måndag 6. september, klokka 10.00–12.30
     

Førehandsrøysting på Straumsnes og Hellevik

Du kan førehandsrøyste ved:

  • Straumsnes grendahus: Onsdag 8. september, klokka 09.30–11.30
  • Ved Hellevik nærbutikk:Onsdag 8. september, klokka 13.00–15.00

 

Huge legitimasjon

Legitimasjonen må innehalde namn, fødselsdato og bilde. Eksempel på gyldig legitimasjon er pass, førarkort og bankkort med bilde.