Kommunestyre- og fylkestingsval 2019

I 2019 er det kommunestyre- og fylkestingsval. Den offisielle valdagen er måndag 9.september 2019.

 

Det skal veljast 23 representantar frå dei forskjellige partia til kommunestyret i Fjaler kommune.

 

Val 2019

Valstyret

Valstyret har ansvar for førebuing og gjennomføring av val i Fjaler kommune.

Det er kommunestyret som vel valstyret. Kommunestyre gjorde vedtak i sak 016/19 om at formannskapet er valstyret:

Gunhild Berge Stang - leiar
Kjetil Fristad - nestleiar
Kjetil Felde - medlem
Anne Hopland - medlem
Odd Helge Aase - medlem
Hans Stav - 1. vara
Arve Helle - 2. vara

Kommunestyret delegerer mynde til å oppnemne røystestyra til valstyret for kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019.

Sidan røystinga på valdagen går føre seg på fleire stader i Fjaler kommune, er det oppnemnd eit røystestyre på kvart stad (jf. valgl. § 4.2.).

Kven har røysterett?

Ein er røystefør ved kommunestyre- og fylkestingsvalet dersom ein oppfyller eit av desse krava:

  • Du er norsk statsborgar og har fylt 18 år innan utgangen av 2019 og er, eller har vore, registrert busett i Norge.
     
  • Du er statsborgar i andre nordiske land (det vil seie Danmark, Island, Finland eller Sverige) som har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og som har vore registrert som busett i Norge seinast 30.juni i valåret.
     
  • Du er øvrig utanlandsk statsborgar som har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og har vore registrert som busatt i Norge samanhengande dei tre siste åra før valdagen. I dette tilfellet er det eit krav at butida har vore samanhengande.
     

Er du innført i manntalet?

Manntalet er oversikten over alle som er røystefør i ein kommune. For å kunne røyste må du stå oppført i manntalet i ein kommune.

Alle personar med røysterett vert automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der dei var registrert i Folkeregisteret som busatt per 30.juni i valåret. Dersom du har flytta til ein anna kommune etter 30.juni, er du framleis registrert i manntalet (og er røystefør) i den kommunen du flytta frå.

Valkort for veljarar

Alle veljarar får tilsendt valkort i posten. Det kan variere litt når du får det, men alle skal ha motteke valkort innan 9.august. På valkortet finn du informasjon om opningstid og kva vallokale du skal bruke på valdagen.

Har du ikkje fått valkortet innan 9.august kan det vere fordi du ikkje lenger bur på din folkeregistrerte bustadsadresse pr. 30.juni 2019, eller at du ikkje har spesifikk bustadsadresse. Du kan i så fall ta kontakt med kommunen for å sjekke om valstyret har fått valkortet i retur. Du kan då samstundes få sjekka om du står i manntalet.

Du kan framleis røyste utan valkort, både i førehandsrøysteperioden og på sjølve valdagen.

Manntal og partiservice

Er du innført i manntalet?

Manntalet er oversikten over alle som er røystefør i ein kommune. For å kunne røyste må du stå oppført i manntalet i ein kommune.

Alle personar med røysterett vert automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der dei var registrert i Folkeregisteret som busatt per 30.juni i valåret. Dersom du har flytta til ein anna kommune etter 30.juni, er du framleis registrert i manntalet (og er røystefør) i den kommunen du flytta frå.

Sjekk at du står oppført i manntalet

Manntalet vert lagt ut til offentleg ettersyn på Fjalerhuset i perioden etter 10.juli. Dette vert kunngjort særskild.

Dersom du meiner at du sjølv eller nokon annan, med urett er innført eller utelaten frå manntalet, kan du krevje at valstyret retter opp feilen. Meir informasjon om korleis du kan sende inn kravet, kjem seinare.
 

For veljarar busett i utlandet gjeld:
Norske statsborgarar busett i utlandet må søkje om innføring i manntalet for kunne røyste ved valet, når dei ikkje har vore registrert i folkeregisteret som busett i Noreg nokon gong i løpet av dei siste åra før valdagen. Søknaden sendast den kommunen der veljaren sist var registrert som busett.

 

Søknaden må vere kome inn til valstyret i den kommunen du sist var registert busett i Norge innan kl.17:00 tysdag etter valdagen.
 

Søknader for Fjaler kommune sendast:

Fjaler kommune
valstyret
Dalstunet 20
6963 Dale i Sunnfjord

Eller per e-post: postmottak@fjaler.kommune.no

Valstyret vil oppdatere manntalet så lenge det praktisk er mogleg.
 

Har du vore registert i folkeregisteret som busett i Noreg nokon gong i løpet av dei siste 10 åra før valdagen, vert du automatisk innført i manntalet i den kommunen der du var registrert som busett då du flytta frå Noreg.
 

Partiservice

Parti som stiller til val har rett til eitt gratis eksemplar av manntalet. Uttrekk av manntalet vert berre gitt ut i papirform, og utlevert materiale skal leverast tilbake til valstyret innan to år.

Frist for partiane for å søkje om manntalseksemplar er 31.juli 2019. Bestilling av manntal sendast på e-post til postmottak@fjaler.kommune.no
 

Dei som har fått eit eksemplar, må gjere seg kjende meg regelverket (valforskrifta § 3 og forskrift om folkeregistrering):

  • Parti skal setje fram krav om manntalseksemplar for valstyret i kommunen
     
  • Framleggsstillarane har ikkje krav på å få meir enn eitt eksemplar. Ein kan få utlevert fleire eksemplar, dersom dei sjølv berar kostnadene knytt til dette.
     
  • Etter forskriften § 3 kan ein òg be om oppgåver over bestemte grupper veljarar (typisk førstegongsveljarar). Eventuelle kostnader for kommunen skal dekkast av framleggsstillar.
     
  • Materiell som byggjer på manntalet skal berre brukast til politiske føremål. Det er ikkje høve til å overlate manntal til utanforståande med mindre føremålet er politisk bearbeiding. Med utanforståande er meint dei som ikkje er medlem av eller har anna tilknyting til partiet/gruppa. Det er ikkje til hinder for at partiane lar ikkje medlemmer - t.d. datasentral - få tilgong til opplysningane til partiet sitt politiske føremål.
     
  • Uttrekk av manntalet skal ikkje nyttast til kommersielle føremål.
     
  • Manntalsopplysningar eller opplysningar som er basert på manntalet skal ikkje selgast eller lånast ut.
     
  • Det er ikkje tilgong til å koble manntalet til andre offentleg registre.

 

Tidleg- og førehandsrøysting

Tidleg førehandsrøysting er frå 1.juli og ordinær førehandsrøysting innanriks er i perioden 10.august - 6.september 2019.

Førehandsrøysting utanriks er i perioden 1.juli - 30. august 2019.

Ein kan førehandsrøyste i alle kommunar i landet. Røystegjevinga di vert så sendt til den kommunen du er manntalsført i. Ein er sjølv ansvarleg for å røyste på eit tidspunkt som gjer at røystegjevinga di kjem inn til valstyret innan kl.17 dagen etter valdagen.

Oversikt over alle røystestadene kjem på nettsida valglokaler.no og vert òg annonsert i andre mediakanalar.

Opningstid for tidlegrøysting

I Fjaler kommune kan du nytte deg av tidlegrøysting etter avtale på Fjalerhuset i ordinær opningstid (09:00–14:00) i perioden 1. juli - 9.august 2019.

Du kan avtale tid for tidlegrøysting på telefon 57738000 (09.00–14.00).
 

Opningstid for ordinær førehandsrøysting

I perioden 12.august til og med  6.september kan du førehandsrøyste på Fjalerhuset frå kl. 08.00 til kl.15.00.

Torsdag 29. august og torsdag 5. september er det utvida opningstid der du kan førehandsrøyste fram til kl.18.00.

 

 

 

 

Tid og stad for røysting på valdagen

På valdagen måndag 9.september kan ein berre røyste i den kommunen du står manntalsført.

 

Her kjem informasjon om tid og stad for røysting på valdagen.