Tidleg førehandsrøysting

Vallogo.JPG - Klikk for stort bilete

 I Fjaler kommune kan du frå måndag 3.juli 2017 etter avtale avgje tidlegrøyst på Fjalerhuset i ordinær opningstid (måndag-fredag frå kl.09:00-14:00).

 Ordninga for tidlegrøysting er eit tilbod for deg som er forhindra frå å røyste i den ordninære førehandsrøystingsperioden frå 10. august t.o.m. 8. september, og heller ikkje kan røyste på valdagen.

Du treng ikkje valkort, men hugs å ta med gyldig legitimasjon (pass, førarkort, bankort med bilete, el.likn.) for å kunne røyste.

For å avtale tid for tidlegrøysting, kan du ringe 57 73 80 00 eller sende e-post til post@fjaler.kommune.no  

Publisert av Inger Hovlandsdal. Ansvarleg Camilla Ericsson Valvik. Sist endra 20.09.2017
Vallogo.JPG

 Dersom du ikkje har høve til å røyste på valdagen 11.september 2017, kan du røyste på førehand i perioden frå torsdag 10.august til og med fredag 8.september.

Hugs å ta med deg gyldig legitimasjon (pass, førarkort, bankkort med bilete el.likn.) når du skal røyste, og gjerne valkortet du får tilsendt i posten.

Vallogo.JPG

På valdagen måndag 11.september kan du berre røyste i den kommunen du står manntalsført.

I Fjaler kommune kan du på valdagen røyste på alle røystestadane.

 Fjaler kommune har stortingsval søndag 10. og måndag 11. september.

Søndagsval 10. september vert berre gjennomført i Dingemoen krins.

 
 
Login for redigering