Koronavirus covid-19

Samla informasjon frå Fjaler kommune om Koronavirus

Har du spørsmål om koronavirus?  Du finn mykje nyttig informasjon på fhi.no. Lokal koronatelefon 976 89 290 er open kvardagar 09.00 - 14.00. 
Nasjonal informasjonstelefon 815 55 015 er open kvardagar 08.00 - 15.30.

 

Turist i Fjaler

Borgen - Klikk for stort bilete

Kva kan du oppleve i Fjaler og i regionen?

I Dale finn du Visitor Points (informasjonspunkt med brosjyremateriell) på YX-stasjonen, på Fjalerhuset og i Dale Senter. Er du interessert i historie og bygningar, er det flotte heftet "Kulturvandring I Dale" ein nyttig guide der du mellom anna kan lese om bygningen på biletet, den gamle strandsitjarstaden Borgen. Heftet får du kjøpt på Fjalerhuset og i bokhandelen i Dale. Du finn også turkart for Fjaler der.

Reiselivsarbeidet er utført av Visit FjordKysten