Velkomen som jobbsøkjar i Fjaler kommune

toppbanner.jpg - Klikk for stort bilete

Lærling i kommunen

 

Kort om søkjeprosessen


Vil du søkje på ei ledig stilling hjå oss, må du registrere CV og sende søknaden elektronisk. Dette gjer du ved å opprette ein eigen brukeridentitet og eit passord i Webcruiter. Vi har ikkje moglegheit til å motta opne søknadar, men viss du ynskjer informasjon om karrieremoglegheiter i Fjaler kommune kan du ta kontakt med Rådgjevar personal, Martin Lundgård, mlu@fjaler.kommune.no / 5773 8054

E-postkommunikasjon


E-postadresse nyttast som brukeridentitet. Dersom du ikkje allerede har eiga e-postadresse, kan du lage ei ny gratis via ei rekkje leverandører. Du bør og legge inn e-postadressa i CV-en, som ei kontaktopplysning.

Når du har søkt på ei stilling, vil du få svar på e-post der vi stadfestar at søknaden er motteke. Underveis i tilsetjingsprosessen vil det og være e-postkommunikasjon.

CV i basen vår


Det er ikkje naudsynt å registrere ny CV for kvar gang du søkjer ein jobb i Fjaler kommune. Du nytter den CV-en du har lagt inn og skriv ein kortfatta søknadstekst i tillegg. Du kan sjølv slette CV'en din når du ikkje lengre ønskjer å ha den liggande i CV-basen vår. Har du søkt jobb andre stader og nytta WebCruiter, kan du bruke opp att identiten din.

Offentleg søkjarliste:

Vi gjer merksam på at opplysningar om kven som søkjer kan bli gjort offentlege sjølv om nokon av dei har oppmoda om ikkje å bli førde opp på søkjarlista.

Publisert av Elin Ullebø Ulvik. Sist endra 11.12.2015 av Martin Lundgård
 
 
Login for redigering