Koronavirus covid-19

Koronastatus for Fjaler 

Samla informasjon frå Fjaler kommune om Koronavirus

Spørsmål om Koronavirus?

  • Nasjonale publikumstelefonen 815 55 015
  • Lokal telefonteneste 976 89 290, kvardagar frå 09.00 - 14.00

Alarmtelefon for barn og unge, telefon 116 111 er open heile døgnet.

 

Kommunevåpen

Logo Fjaler - Klikk for stort bilete

Bru mellom folk

Ideen til kommunevåpnet skriv seg frå dei gamle steinbruene på Den Trondhjemske Postvei, som går gjennom kommunen. Kommunevåpnet er teikna av nordfjordkunstnaren Inge Rotevatn.

Om vi legg Fjaler kommune sin visjon om eit ope samfunn til grunn for tolkinga av motivet, kan bruene også symbolisere kulturutvikling og kommunikasjon mellom land og folkeslag. Denne symbolikken likte tidlegare kultur- og næringssjef i Fjaler, Magne Bjergene, å bruke.

Motiv

Motivet på Fjaler sitt kommunevåpen er to kvelvingsbruer i sølv på raud botn. Same motiv skal vere på det kommunale flagget, men då med kvite bruer på raud botn.

Kommunevåpnet og flagget for Fjaler kommune vart godkjent i statsråd 8. februar 1991.