Fakta om Fjaler

20130605_newmothers_0016rt.jpg - Klikk for stort bilete

 

Fjaler

- ligg på sørsida av Dalsfjorden. Det tek omlag 40 minutt å køyre frå kommunesenteret Dale til Lammetun lengst i vest som til Heggheim i Guddal lengst søraust. Den same tida tek det å køyre til regionsenteret Førde.

Etter regulering av kommunegrensene i 1990 gjekk alt landarealet på nordsida av Dalsfjorden til Askvoll og Gaular kommunar og kommunen fekk Våge krins lengst i vest.

I 2013 kom Dalsfjordbrua og -sambandet på plass og knyter saman Askvoll og Fjaler på ein ny og framtidsretta måte.

Kommunen har eit landareal på vel 400 km2. På grunn av langstrakt form skifter landskapet frå typisk kystlandskap i vest til innland med relativt høge fjell i aust. Lokaliseringa gjer til at vi er utsette for sur nedbør. Mellom anna av den grunn vart det i 1997 sett i gang fullkalking av Guddalsvassdraget - største vassdraget i kommunen.

Kommunen har  2 823 innbyggjarar. 

 

Arbeid og skule

I Dalsfjorden har det vore drive industri i mange år - m.a. produksjon av tønner, ski og sko. I dag er dette historie. Fjaler har hatt satsing på skogreising og kulturlandskapet ber mange stader sterkt preg av dette. Elles har vi fiskeoppdrettsbedrifter som spelar ei stor rolle for kommunen både med omsyn til arbeidsplassar og økonomi. Reduksjonen i tal arbeidsplassar i industrien vert noko på veg kompensert med vekst i kompetansebaserte verksemder der datafirmaet Enoro AS i lag med Røde Kors Haugland. Rehabiliteringssenter og HIFUS/ Haugland Internasjonale forskningssenter er blant dei største.

Kommunen har ein lang og sterk skuletradisjon, frå Nikka Vonen sin pikeskole og fram til Dale vidaregåande skule i Dale og Røde Kors Nordisk United World College (RKNUWC) - «Verdsgymnaset» på Haugland i Flekke. Kommunen presenterer seg gjerne som ein kulturkommune - i dag med både nordisk og internasjonalt preg. Nordisk Kunstnarsenter på Dalsåsen er saman med RKNUWC grunnlaget for dette. Diktaren Jakob Sande var fødd og vaks opp i Dale og du kan vitje fødestaden hans i dag.

 

Internasjonal kommune

I 2004 vart Fjaler kommune utropt til Internasjonal kommune av Fredskorpset og kommuneorganisasjonen KS. Heidersnemninga vert tildelt kommunar som har eit stort engasjement innan nord-sør spørsmål og heile aspektet av aktivitetar og relasjonar som er knytta til spørsmålet. Her er klipp frå grunngjevinga for utmerkinga i 2004:

"Fjaler har lenge retta blikket mot verda utanfor bygda. Fleire hugenottar endte i Fjaler og la grunnlaget for ein middelklasse. Etterkomarane reiste ut, skaffa seg kunnskap og kom tilbake med nye impulsar. Ein kan sei at kimen til fleire nasjonale institusjonar er sådd i Fjaler. Dette vart forsterka utover 1800-talet, med Nikka Vonen Pigeinstitutt, Jens Rolvsens Folkehøgskole og Falchs Pensjonatskole som utgangspunkt. Gjennombrotet for internasjonal tenking i nord-sør perspektivet kom med etableringa av United World College i 1995 og ei sterk vilje frå kommunestyret om å støtte dette skuletilbodet. Fjaler var også tidleg ute med etablering av asylmottak, europeisk volontørteneste og ungdomsutvekslingar. I dag er UWC hovudnerva i nor-sør arbeidet i god kontakt med kommunen og lokalsamfunnet. Fred og spørsmål om menneskerettsar står sentralt. I skulen sitt omfattande engasjement kan spesielt nemnast programmet mot Kina som skjer i samarbeid med Fredskorpset."

 

Under her finn du skildring og informasjon om kommunesenteret Dale og bygdene elles
 

Dale

er kommunesenteret i Fjaler. Frå fjorden strekkjer dalføret seg sørover gjennom eit fint landbruksområde oppover mot Vassdalen og fjellområdet mot Guddal i sør og mot Gaular kommune i aust. I sørvest ligg Jarstadheia og i aust ligg Jøtelshaugen. På nordsida av Dalsfjorden ligg Heileberget («Fjøla», som truleg har gjeve kommunen namn). Dette området høyrde til Fjaler kommune fram til 1990 og er mykje nytta turområde for Dale. Det vart svært tilgjengeleg etter Dalsfjordbrua kom på plass.

Omlag halve folkemengda i kommunen bur i Dale. Næringslivet er prega av godt utbygde servicefunksjonar som butikkar, post i butikk, bank, bensin, rutebilstasjon, matservering og overnatting, ulike bedrifter og tradisjonelt landbruk.

Dale har fleire viktige kulturminne. Her var tingstad i gamal tid. Bygda har ein svært sterk skuletradisjon som starta med Nikka Vonen sin jenteskule på Steia (bygningane står framleis). I dag er Dale vidaregåande skule eit regionalt skulesenter. Den folkekjære diktaren Jakob Sande vart fødd og vaks opp på Klokkargarden midt i Dale. Sjå heftet «Kulturvandring i Dale» m / kart for meir informasjon.

 

Flekke

ligg inst i Flekkefjorden, 8 km frå kommunesenteret. Landskapet er prega av landbruk og den idylliske Flekkefjorden - ein fjordarm som går sydaustover 5 km frå Dalsfjorden. Hovudalføret sørover (mot Guddal og Hyllestad), skogkledde lier og tre ulike turområde; Flekkestølen m.m. i søraust, Langelia (Jarstadheia) i nord og Håheia i vest.

I Flekketunet er butikk med bensinstasjon og post i butikk.

På Haugland midtvegs i Flekkefjorden finn du Røde Kors Rehabiliteringssenter, Sogn og Fjordane sitt største private fagmiljø innan helsesektoren med m.a. eit flott innandørs miljø- og terapibasseng som også ope for publikum. Bekkerhuset - den gamle (restaurerte) hovudbygningen - er ei oppleving i seg sjølv. På same staden ligg Røde Kors Nordisk United World College med 200 studentar frå heile verda, leirskule, kulturbygg og den nye satsinga UWC Connect med utvida sengekapasiet og fellesareal.

Guddal

ligg lengst sørvest i kommunen. Her er barnehage, skule og kyrkje og folk sysselset seg først og fremst med landbruk. Mange gardsbruk har eldre bygningsmasse som viser korleis den gamle tunskipnaden var. Nokre av dei eldste husa i kommunen er i dette dalføret.

Hovuddalføret strekkjer seg frå Flekke, først sørover ca 10 km til Nautsund, der det bøyer av mot aust. Herfrå går Guddalsdalføret vel 20 km til Heldalsheia og Steinset, der det er vegsamband mot Årøy/ Sande. Fylkesveg 93 ved Vadheim i Høyanger kommune går også gjennom Guddal. Guddalsvassdraget renn gjennom heile dalføret.

Tysse

ligg ved innløpet til Flekkefjorden. Det er ei lita bygd med bratt kulturlandskap og bratte lier oppover mot Fredensborgåsen og Arsteinheia. RV 609 går sørover frå Tysse gjennom eit trangt dalføre mot Tyssedalsvatnet.

Tysse var i tidlegare tider eit kulturelt og administrativt sentrum både i kommunen og regionen. Dei mange eldre herskapshusa vitnar om dette. Historia starta med sorenskrivar Nils Landmark som slo seg ned her i starten på 1800-talet. Son hans, docent Theodor Landmark var hovudmannen bak skipinga av Norges Bondelag.

Seinare vart eigedommen overteken av ein engelskmann, Claude Lillingston. Lillingstonheimen med den fine viktorianskprega hagen, har namn etter han.

Huset inneheld ei mengd klenodiar frå tidlegare eigarar. I dag er kommunen eigar. Staden er open for publikum, og driven som eit privat fòretak. Dei tilbyr servering og overnatting og aktivitetar som fiske, jakt, baking og vandring. Landmarkfamilien bygde sin eigen gravplass og park på Fredensborgåsen. Den har god tilkomst og er vel verdt eit besøk.

På Tysse er det også eit unikt sjømiljø, med mange istandsette sjøhus; naust, kai med bygning som inneheld både pakkhus, telegraf, post og butikk (ikkje i drift i dag) og sjøbu for sildesalting, tønneproduksjon, sagbruk m.m. Den sistnemnde, Jensbua, er i dag kulturminnevernverkstad og møtelokale.

Straumsnes

ligg ope og fritt ved Dalsfjorden midt i kommunen - 22 km frå kommunesenteret med ein god tilkomst frå sjøen. Møte-, kurs- og konferansestad i grendehuset som tidlegare var Bakkebø skule. Landskapet er kupert med bratte lier oppover mot Arsteinheia og Vardeheia. På turen oppover er det mange fine utsiktspunkt. På toppen har du ein fantastisk utsikt langt vest i havet, til fjorden og innover mot fjellheimen i aust.

Åsnes Ski har representert ein lang tradisjon i produksjon av ski heilt fram til 2008. Straumsnes ei veldriven jordbruksbygd med markert livsvilje. Matglede - Bakkebø gardsmat  er eit godt døme på dette. Eit anna er samdriftsbøndene bak Straumsnes Mjølk og Kjøt DA

I gamle dagar var Straumsnes (Åsnes) kyrkjestad. I dag er kyrkja borte. Du kan også finne eldre bygningsmasse som gjev inntrykk av korleis tunskipnaden på gardane var.

 

Hellevik

ligg ved RV 609 med vegdele til Våge. Her er det barnehage og butikk. Hit kjem du både frå vest, sør og aust. Området har ei variert og idyllisk strandline mot Dalsfjorden med mange landingsplassar. Landskapet er småkupert med skogkledde åsar og gardsbruk innimellom. Her ligg store felt med eklogitt.

Landbruk og fiskeoppdrettsanlegg gjev dei viktigaste arbeidsplassane.Hellevik gard er eit særmerke i krinsen. Det var gruvedrift i Sørdalen i gamal tid. Sørdalsvatnet vart regulert ved hjelp av ein mura demning som visest godt frå riksvegen.

 

Våge - Lammetun, Korssund, Folkestad, Grytøyra, Fure

Våge ligg lengst vest i kommunen. Her er butikk i Korssund og på Grytøyra, bensinstasjon/ verkstad på Fure og god tilgang på overnatting og marina. Hit kjem du sjøveges med småbåt, ferje frå Askvoll til Fure eller landveges. Køyr vestover frå RV 609 på Hellevik eller Øen (i Hyllestad). Her er ei spennande kystline som skifter frå det stille og idylliske til det opne og tøffe med mange gode fiskeplassar. Innanfor ligg eit variert og småkupert landskap og fjell med fantastisk utsikt over fjorden og havet med øyane i vest.

Landbruk, oppdrettsanlegg for fisk, handverk, servicenæringar og Bioforsk Fureneset. Det siste tilskotet er industrieventyret på Lutelandet , eit over 3000 mål stort industriområde som er sentralt plassert nær store gassfelt og store mineral-ressursar. Her kan produserast fornybar energi og fjerne CO2 på same tid. Det er under planlegging ein vindpark på 50 MW vest på industriområdet.

Området er rikt på kulturminne. I Korssund står ein kross reist i samband med kristninga av Noreg for 1000 år sidan. Her er gravrøyser. Frå siste krig er her også to kystfort. På Lammetun Kystfort kan du komme inn og sjå.

Publisert av Margrete Reisæter. Sist endra 08.11.2015 19:23 av Ulvik, Elin Ullebø
 
 
Login for redigering