Vedtak - Detaljreguleringsplan for Lammetun, gbnr 272/3

 

I formannskapsmøte 21.10.21 vart reguleringsplan for Lammetun datert 30.06.2021 vedteken med unntak av områder med gjenståande innsigelser; BC2_1, BC2_2 og VS1.

Formannskapet vedtok også at motsegnene frå Statsforvaltaren  i Vestland og Vestland fylkeskommune ikkje skulle takast til følgje og at vidare prosess blir å gå til mekling på motsegene. 

Områda med motsegn er utan rettsverknad og er vist utan flate i plankertet og med grå skrift i føresegnene.

Om reguleringsplanen

Føremålet til planen er regulere til dagens bruk, samt å utvide campingplassen, legge til rette for nytt hyttefelt og to nye bustadområder. Det er også lagt inn nye parkeringsområder.

 

Reguleringsplanen vil erstatte førre reguleringsplan for Lammetun med plan-ID 200202.

 

Plandokumenta finn du her

 

Høve til å klage

Vedtak om godkjenning av planen kan påklagast av ein part eller annan med rettsleg klageinteresse i saka, med ein klagefrist på 3 veker frå det tidspunkt underretting om vedtaket er kome fram til vedkommande part, jf. forvaltningslova §§28 og 29.

Ei eventuell klage merkast med sak 16/2027 og sendast til:
Fjaler kommune, Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord
Eller epost til post@fjaler.kommune.no