Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Status vaksinering  |  Om koronatesting Temasider

Spørsmål om koronavirus?
Vaksinespørsmål: 57 73 80 00 (kvardagar 09.00–14.00)
Nasjonal informasjonstelefon: 815 55 015 

 

Varsel om oppstart – Planendring for reguleringsplan - Fv 57, Nistadlia - Holmeli

 

Det vert varsla oppstart av detaljregulering for tre mindre endringar langs strekninga Nistadlia – Holmeli på Fv 57. Endringane er svært avgrensa: tilpassing for sikring mot kvikkleire ved Holmeli, lunneplass på Stegane og tilkomst til Halsnes. Planprogram og konsekvensutgreiing vert ikkje laga. 

Det er høve til å kome med innspel/merknader til varsel om planoppstart. Innspel må vere knytt til dei konkrete endringane som skal gjerast. Det vert også høve til å uttale seg til planframlegget ved offentleg ettersyn.

Frist for innspel er sett til 16.07.21

Nordplan vil på vegne av Fjaler kommune varsle oppstart av arbeid med detaljreguleringsplan for tilpassingar innanfor planområdet for Detaljregulering fv 57 Strandanes Nistadlia – vedteken 18.06.2020 i Kommunestyret sak K 74/20. Arbeidet skjer i medhald av plan og bygningslova §12-8.

Planområdet dekkjer i hovudsak tre områder der ny informasjon tilseier at ein må tilpasse prosjektet noko.

  • Eit felt med kvikkleire i grunnen, ved Holmelid (gnr/bnr 55/1)
  • Tilpassing for tilkomst til Halsnes (gnr/bnr 54/2 og 250/1)
  • Tilpassing for lunneplass ved Stegane (primært gnr/bnr 54/1 og 250/3)


I tillegg kan det vere aktuelt å gjere mindre tilpassingar av føremålet annan veggrunn – teknisk anlegg, for å sikre areal for opparbeiding av gjennomføring for overvatn. Desse tilpassingane vert forankra i ein liten reguleringsplan som erstattar vedteken plan på avgrensa område. Planarbeidet knyter seg til desse endringspunkta og annonsert planavgrensing. Øvrige deler av strekninga vert framleis regulert gjennom vedteken plan, det er ikkje opna for innspel på desse områda.


Lokalisering

Planområdet på strekninga Nistadlia – Holmeli ligg i tilknyting til veganlegget som er planlagt for oppgradering av Fv 57. Strekninga ligg om lag 5,5 km frå Bygstad og 7,5 km frå Dale, i Fjaler kommune. 

Planområdet er grovt markert med pil og blå farge i utklippet over Annonsert plangrense, planområda utgjer samla 31,8 daa. (OBS eit mindre planområde heilt til høgre i bildet)    

 

Tilhøvet til overordna planar

Arealdelen til kommuneplanen 2009-2019, godkjend av Fjaler kommune hausten 2008
I kommuneplanen sin arealdel ligg eksisterande veg som vegformål, og tilgrensande areal ligg med 
føremål landbruk, natur og friluftsliv (LNF). (Sjå utklipp frå plankartet, under).

Utsnitt frå kommuneplanen sin arealdel. «F» ved blå sirkel markerer kaste og låssetjingsstad.

 

Det er vår vurdering at endringane som ein legg til rette for i dette planarbeidet ikkje vil medføre vesentlege endringar i føremåla i kommuneplanen. Tiltaket er dermed i samsvar med gjeldande kommuneplan.

 

Gjeldande reguleringsplan Reguleringsplan for Strandanes – Nistadli
Detaljregulering fv 57 Strandanes Nistadlia – vedteken 18.06.2020 i Kommunestyret sak K 74/20. (Vedtaket vart påklaga og klagen vart handsama i kommunestyret 22.10.20, sak K 108/20. Kommunen sitt vedtak i sak 74/20, 18.06.20, vart stadfesta av Statsforvaltaren i brev 23.02.21). Planen legg føringar for utforming og gjennomføring av oppgradering på vegstrekninga Strandanes til Nistadlia. 

Utklippet viser gjeldande reguleringsplan, slik den ligg føre

I utklippet er gjeldande reguleringsplan, vist slik den ligg føre, ny plangrense er utheva med grøn strek. (OBS eit mindre planområde heilt til høgre i bildet)  

Historikk
Reguleringsplan. Rv. 57 Hp. 12 Dale Nord – Osen bru x610, Parsell Strandanes – Nistadli, godkjend 15.06.1999. (Sjå under.) Denne planen er handsama og godkjend men ikkje vidareført i gjeldande kommuneplan frå 2008. Ein legg likevel til grunn for planarbeidet at det er aksept for dei prinsipielle løysingane i planen frå 1999, og at det ikkje er konflikt mellom denne og planarbeidet som no er varsla. Annonsert plan vil erstatte plandokumenta frå 1999.

Planavgrensing frå Reguleringsplan. Rv. 57 Hp. 12 Dale Nord – Osen bru x610, Parsell Strandanes – Nistadli, godkjend 15.06.1999 

Tilgrensande planarbeid Reguleringsplan for Setenes - Strandanes
Parallelt med planarbeidet for fv 57 Strandanes - Nistadlia, vart det arbeidd med eit planframlegg for parsellen Setenes – Strandanes, det føreligg ikkje vedtak i denne planen enno. 

 

Hovudpunkt i planarbeidet


Arbeidet medfører nokre avklaringspunkt som skal følgast opp i arbeidsfasen: 

  • Landskapsverknad
  • Risiko og sårbarheit
  • Naturmangfald
  • Infrastruktur, veg, vatn, avløp og overvatn


Forskrift om konsekvensutredninger (KU-forskrifta)
Det er ved gjennomgang av KU-forskrifta ikkje identifisert problemstillingar som det er behov for å drøfte i ein konsekvensutgreiingsprosess. Det er ikkje identifisert behov for tunge vurderingar eller rapportar i saka. Ein legg ein opp til å skildre verknaden av planen som del av ein forenkla planomtale.


Innspel til planarbeidet


Det er høve til å kome med innspel/merknader til varsel om planoppstart. Alle skriftlege innspel vil bli vurdert og kommentert i saksframstillinga. Når eit framlegg til reguleringsplan er utforma, vert dette behandla av Fjaler kommune, med sikte på utlegging til offentleg ettersyn. Det vert høve til å uttale seg til planen også ved offentleg ettersyn.

Dersom de har spørsmål kan desse rettast til Nina.Elise.Hjartholm@fjaler.kommune.no

Merknader eller innspel til planarbeidet skal vere skriftlege, og sendast på e-post til: 
post@fjaler.kommune.no
evt. i brev til Fjaler kommune, Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord

 

Frist for innspel er sett til fredag 16.07.2021