Varsel om oppstart for detaljreguleringsplan for Øyra, gbnr 63/6 med fleire

Plangrense for ny reguleringsplan 

I samsvar med plan‐ og bygningsloven § 12‐8 vert det meldt at Norconsult på oppdrag for Fjaler kommune, set i gang arbeid med detaljregulering for eigedomane gnr. 63, bnr. 6, 187 og 221 og gnr. 64 bnr. 6 m. fl.

På kyrkjegarden ved Dale kyrkje er det lite areal til nye gravar, og det er trong for ein ny gravplass i bygda. Gjennom endringa av kommunedelplan for Dale har kommunen peikt på eit areal på Øyra for utviding av dagens gravplass. Den planen stiller krav om detaljregulering for byggje‐ og anleggstiltak for at situasjonen rundt ny gravplass skal verte avklart, særleg med tanke på sikring mot flaum. I planprosessen skal ein og kome fram til utforming av den nye gravplassen og løysing for ny gangbru frå kyrkja i aust. Mogleg grense for planområdet er vist under. Den samsvarar med grensa for endringa av kommunedelplanen for Dale.

 

Gravplassen skal leggjast på Øyra ved sidevegen til Bjerga, rett nord for Elvetun barnehage. Det skal vurderast flaumsikring langs elva. Tilkomst for køyrande er tenkt frå Bjerga der det skal vurderast ei utvida parkering. For seremoniar er det planlagt ei gangbru mellom kyrkja aust for elva og ny gravplass i vest. I 2018 vart det utarbeidd eit forprosjekt for gravplassen. Det utgjer grunnlaget for vidare prosjektering som skal skje parallelt med planarbeidet. Samstundes skal løysingane i forprosjektet utgreiast nærare for geotekniske tilhøve og flaumsikring. Illustrasjonen under er frå forprosjektet.

Landskapsplan for forprosjektet 

Kommunedelplan for Dale frå 2015 vart endra i 2020. Planendringa handla om at gravplassen skulle lokaliserast på Øyra i staden for Vollamyra, og at det skulle planleggjast for ein flaumvoll mot elva.

 

Utsnitt frå kommunedelplan for Dale med endringa frå 2020 innarbeidd 

Fiolett område nord for barnehagen er avsett til ny grav‐ og urnelund. Arealet på vestsida av Bjerga opnar for ei utvida parkering. Oransje areal langs elvebreidda er tiltenkt ein flaumvoll. På austsida av elva er oransje stripe sett av til elveforbygging og fiolett og rosa areal viser områda til Dale kyrkje og forsamlingshuset Ljosheim. Desse er med i planendringa for å sjå ny og gamal gravplass i samanheng.

 

Raud skravur tyder flaumfare og grøn skravur over elva mellom kyrkja og ny gravplass indikerer handlingsrommet for plassering av ei ny gangbru. Kommunedelplanen for Dale erstattar kommuneplanens arealdel i dette området, og det er kommunedelplanen som er den overordna planen saman med kommuneplanens samfunnsdel. Det planlagde tiltaket er altså i tråd med overordna planar. Detaljreguleringa skal gje avklaringar av tekniske tilhøve og når det gjeld utforming.

 

Arealbruken i området er fastsett i eldre reguleringsplanar, men med kommunedelplanen vert føringane for utnytting av området noko justert. Mesteparten av det oppmeldte planarealet inngår i planID 200404 Dalsøyra frå 2004. Arealet heilt i nord, på vestsida av elva, er regulert i planID 200001 Del av Dalsøyra frå 2000, medan arealet aust for elva aust inngår i planID 198901 Dingemoen/Steia frå 1989.

Gjeldande reguleringsplanar for Øyra 

Dei grøne areala langs elva er regulerte til offentlege friområde. Gult område merka B2 er regulert til konsentrert småhusutbygging. Det store brune området er regulert til gravlund og det vesle brune arealet, opp mot brua, er regulert til anlegg for vatn og avlaup.

Gjeldande planar finn ein på kommunekart.com


Ein bed om at innspel til planarbeidet vert sendt skriftleg innan 28. januar 2022 til


Norconsult, ved Torbjørn Sivertsen, Postboks 1199, 5811 Bergen eller torbjorn.sivertsen@norconsult.com