Planendring for reguleringsplan for FV57, Nistadlia - Holmeli til høyring og offentleg ettersyn

Plankart utarbeidd av Nordplan AS. 

Formannskapet vedtok i møte 02.12.2021 at planendring for reguleringsplan FV57, Nistadlia – Holmeli blir sendt på høyring og lagt ut til offentlig ettersyn.

Bakgrunn for planendringa var behov for å stabilisere eit område med kvikkleire som vart funne ved Holmeli ved grunnundersøkingar. Det var også andre tilhøve i planen som var teneleg å endre då kommunen valde å i gang med ei planendring. 26.05.21 vart det varsla oppstart på planarbeid for endringar på følgjande områder:

 

  • Eit felt med kvikkleire i grunnen, ved Holmelid (gnr/bnr 55/1)
  • Tilpassing for tilkomst til Halsnes (gnr/bnr 54/2 og 250/1)
  • Tilpassing for lunneplass ved Stegane (primært gnr/bnr 54/1 og 250/3)
  • Mindre tilpassing for overvatn (gnr/bnr 53/2)

 

Ei begrensa plangrense vart sett ved varsel om oppstart. Det kom inn 5 innspel til oppstartsvarselet, desse er kommentert i eige vedlegg.

Plandokumenta er utarbeidd av Nordplan AS i samråd med Fjaler kommune og Vestland fylkeskommune.
 

 Plandokumenta finn du her

 

Send innspel innan 28. januar 2022

Frist for å komme med innspel eller merknadar er 8 veker grunna ferieavvikling.

Frist er sett til 28.01.2022.

Innspel og merknadar til planen sendast til Fjaler kommune: