Kommuneplanen sin arealdel for 2022-2034 til 3. gangs høyring og offentleg ettersyn

  

I møte 02.12.2021 vedtok formannskapet i sak FOR-113/21 å legge kommuneplanen sin arealdel 2022-2034 ut til 3. gangs høyring og offentleg ettersyn.

Føremålet med planarbeidet er å gjere tilpassingar av vedteken plan for følgjande punkt:

  • Å leggje til rette for utbygging knytt til eksisterande arealbruk på sjø og land.
  • Å leggje til rette for bustadar/fritidsbustadar og næring i spreiddbygde område og særskilt avklare arealbruken i strandsona.
  • Oppdatering med omsyns- og aktsemdssone knytt til natur og friluftsliv og naturfare.
  • Vurdere byggjeområde i kommuneplanen eller regulerte område som ikkje er realiserte, med tanke på vidareføring eller ikkje.

 

Plandokumenta er utarbeidd av Norconsult AS, i samråd med teknisk kontor i Fjaler kommune. Etter 2. høyring er det Fjaler kommune som har revidert planframlegget.

 

Frist for å komme med innspel/merknad til planframlegget vert sett til 8 veker grunna ferieavvikling.

 

Innspel/merknadar kan sendast til Fjaler kommune, Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord eller på e-post til post@fjaler.kommune.no innan 15.02.2022.

 

Plandokumenta finn du her:

Plankart m/omsynssoner (PDF, 25 MB)

Plankart u/omsynssoner (PDF, 25 MB)

Føresegner (PDF, 328 kB)

Planomtale (PDF, 4 MB)

Endring i arealføremål (PDF, 128 kB)

Konsekvensutgreiing (PDF, 29 MB)

ROS-analyse (PDF, 336 kB)

Innspel og merknadar (PDF, 961 kB)

 

Plankartet kan også sjåast digitalt på www.kommunekart.com. Zoom inn på Fjaler kommune, trykk på «Kartlag» i øvre venstre hjørnet, merk av «Arealplan» og «Kommuneplanen sin arealdel 2022-2034 – 3. gangs høyring» i menyen til høgre.