I medhald av plan- og bygningslova § 11-14 vert framlegg til kommuneplanen sin arealdel 2020-2032 lagt ut på offentleg ettersyn og sendt på høyring.

    


Kartlegging og verdsetting av friluftslivsområder er eit viktig kommunalt verkemiddel for å identifisere, utvikle og ivareta areal for friluftslivet. Metoden vil kunne bidra til å oppnå det nasjonale målet om å sikre befolkninga moglegheit til å drive eit variert friluftsliv både i nærmiljøet og naturen for øvrig.

     

Kommunestyret gjorde i møte den 29.04.2019 i sak KOM-044/19 følgjande vedtak:

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-12 vert detaljreguleringsplan for Dingemoen skule vedteken, med plankart og føresegner datert 12.02.2019.

Kommunestyret gjorde i møte den 11.02.2019 i sak KOM-004/19 følgjande vedtak:

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-12 vert detaljreguleringsplan for Solvika, gbnr 29/2, vedteken, med plankart og føresegner datert 14.01.2019 med følgjande endringane til føresegnene:

1. Stryk "eventuelt" i føresegn 4.1 i. i tråd med rådmannen sin kommentar: "Rådmannen er samd i at det ikkje skal brukast formuleringar som "bør" og "eventuelt" i føresegnene. ... "eventuelt" skal takast ut."

2. Føresegn 3.14 d vert endra til "Det skal takast omsyn til fisk i området i anleggsfasen. Det må visast særskilt aktsemd for å hindre spreiing av steinstøv frå sprengsteinmassar gjennom avrenning i gyteperioden januar-april og når yngelen botnslår og veks opp i grunne område (0-20 meter) i gytefeltet i perioden mai-juni."

Kommunestyret gjorde i møte den 10.12.2018 i sak KOM-096/18 følgjande vedtak:

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-12 vert detaljreguleringsplan for Kvamen, del av gbnr 58/1 og 58/2 vedteken.

 

 

Kommunestyret gjorde i møte den 10.12.2018 i sak KOM-095/18 følgjande vedtak:

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-12 vert detaljreguleringsplan for Åsnes sjø og fritid vedteken, med plankart datert 05.02.2018 og føresegner datert 30.11.2018.

 

I medhald av plan- og bygningslova § 12-10 vert framlegg til detaljreguleringsplan for Dingemoen skule lagt ut på høyring og offentleg ettersyn.

I medhald av plan- og bygningslova § 11-12 varslast det om oppstart av revisjon av kommuneplanen sin arealdel. Samtidig leggast framlegg til planprogram ut på høyring og offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova § 11-13.

 

Seaweed AS, 6987 Bulandet søkjer 27.11.17 om lokalitet til tareoppdrett i Agnalsvika i Fjaler kommune. Lokaliteten har følgjande koordinatar: N61o 19,350’ / Ø05o 12,200’

Opning av Våge Stadion

Handlingsprogrammet for ordinære idrettsanlegg og nærmiljøanlegg vert rullert kvart år av Fjaler kommune. Innspel til dette må vere kommunen i hende innan 5. november 2018