Koronavirus covid-19

Samla informasjon frå Fjaler kommune om Koronavirus

Koronastatus for Fjaler

Spørsmål om Koronavirus?
Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Restriksjonar og retningslinjer for helse og omsorgtenesta i Fjaler kommune

Nye retningslinjer ved besøk på Fjaler sjukeheim

Fjaler Sjukeheim opnar opp for at pårørande kan kome på besøk, men vi lyt framleis halde på ein del restriksjonar for dei besøkande:

  • Du og den du skal besøke må vere friske.
  • Ta kontakt med avdelinga på førehand for å avtale besøk.
  • Hyppigheten av besøk bør begrensast, samt antal besøkande.
  • Desinfiser hendene dine når du kjem og når du går.
  • Besøk skal foregå på bebuaren sitt rom, ein skal gå direkte til pasientrommet når ein kjem, ein skal ikkje opphalde seg i fellesareal. Hagen må gjerne brukast som før.
  • Ein skal halde 1 meters avstand til bebuar og tilsette
  • Det vert ingen servering på romma under besøk.

 

Ta kontakt på telefon: 
Korttidsavdeling, telefon 414 64 562
Langtidsavdeling, telefon 414 69 582
Skjerma eining, telefon 953 09 778
 

Heimetenesta

Informasjon til brukarar og pårørande i heimetenesta

Heimetenesta vil så langt det er mogeleg tilby tenester som normalt, men når tal smitta aukar, vil vi få mangel på helsepersonell. Det betyr at omsorgstenesta vil måtte prioritere ressursane der det er størst behov og mot dei som vert alvorleg sjuke.

 
 

Psykisk helse

Informasjon til brukarar og pårørande i psykisk helse

Psykisk helse vil så langt det er mogeleg tilby tenester som normalt, men når tal smitta aukar, vil vi få mangel på helsepersonell. Det betyr at omsorgstenesta vil måtte prioritere ressursane der det er størst behov og mot dei som vert alvorleg sjuke.


 

Helsestasjonen

Smitteverntilta og og kontaktinformasjon for helsestasjonen under koronapandemien

Kontakt oss:
Jordmor Torild M. Myklebust, telefon 906 62 012
Helsesjukepleiar 0- 5 år og v/ Dale vidg. skule Elin Heggheim Møller, telefon 404 15 735
Helsesjukepleiar i skulehelsetenesta Signe Norddal Bjørvik, telefon 477 98 781


Fysioterapi og ergoterapitenesta

Fysio og ergoterapitenesta har gradvis starta opp att med timeavtalar og pasientkonsultasjonar i sine lokaler. De må fortsatt ha ein avtale med tenesta for å komme innom våre lokale. Tenesta vil, ut frå alvorligheitsgrad og nytte, samt ressurs/tenestereduksjon grunna gjeldande smittevernreglar og retningslinjer frå Helsedirektoratet gjere prioriteringar:      
Fysio- og ergoterapitenesta om prioriteringar under Koronapandemien (PDF, 392 kB)

Både gruppetrening, eigentrening og oppfølging av frisklivsdeltakarar er ikkje starta opp att, men på Fjaler Frisklivsentral si facebookside  ligg det ein video med gode øvingar for dei som går på «Aktiv på Dag» gruppene og andre som vil halde seg i form med heimetrening.

Kontaktinformasjon til tenesta finn du her

 

Nav

NAV Fjaler held stengt som førebyggande tiltak for å avgrense smitte.

Vi oppmodar om at flest mogleg nyttar  seg av dei elektroniske løysingane på nav.no - også for å søkje om økonomisk stønad.

Sjå https://www.nav.no/person/koronaveiviser/