Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Vaksinering  |  Testing

Vaksinespørsmål: 57 73 80 00 (kvardagar 09.00–14.00)

 

Status koronavaksinering i Fjaler kommune

Illustrasjon av vaksine - Klikk for stort bilete Folkehelseinstituttet

Vi oppfordrar alle som ennå ikkje har fått vaksinen til å bestille seg time så fort som mogleg. 

Vi vaksinerer i dansesalen i Fjalerhallen på torsdagar i oktober.  

Har du spørsmål eller treng å endre timen din kan du ringe Fjaler kommune sitt sentralbord på telefon 57 73 80 00 vekedagar mellom 09 og 14.

 

Slik bestiller du time til vaksinering

Følg denne lenka for elektronisk timebestilling (innlogging via BankID gjennom kodebrikke eller BankID på mobil):

 

https://timebestilling.remin.no/fjaler

 

Du vil få time til dose 2 når du får første dose med vaksine. 

Har du ikkje bankID eller av andre grunnar ikkje får bestilt på internett kan du ringe Fjaler kommune sitt sentralbord på telefon 57 73 80 00.

Dersom du ikkje kan møte til oppsett time må du gi beskjed på telefon 57 73 80 00 så fort som mogleg.

 

Intervall mellom dose 1 og 2

FHI anbefaler no 3 eller 4 veker mellom dose 1 og dose 2 for alle over 18 år. Intervallet er avhengig av kva type vaksine du fekk som dose 1. 

  • Fekk du Pfizer som første dose må du ha minimum 3 veker før dose 2.
  • Fekk du Moderna som første dose må du ha minimum 4 veker før dose 2.

Alle dei som hadde time til dose 2 med større intervall enn fire veker har fått sms med tilbod om tidlegare time.

Ynskjer du å endre timen din kan du anten logge inn på Remin eller ringe sentralbordet på telefon 57 73 80 00. Endrar du timen sjølv må du sørge for at det går 4 veker mellom dose 1 og 2.

 

Dose 3

Dei over 65 år vil få tilbod om 3. dose med vaksine frå veke 45. Meir informasjon kjem.

Personar med nedsett immunforsvar får tilbod om ein 3. dose med koronavaksine. Det er utvalde gruppar som får 3. dose, og det må dokumenterast at ein tilhøyrer dei utvalde gruppane. Klikk her for meir informasjon.

 

For deg som er 16 eller 17 år:

Alle som er fødd i 2004 og 2005 har fått tilbod om vaksine. For å bestille time til koronavaksinering må du ringe kommunens sentralbord på telefon 57 73 80 00. Intervall mellom dose 1 og 2 for 16- og 17-åringar er 8 veker.

Alle fødd i 2005 og 2004 skal ha to dosar med vaksine.

 

Vaksine for deg som er mellom 12 og 15 år:

Torsdag 30.09 fekk alle mellom 12 og 15 år tilbod om vaksine på Dingemoen skule. Barn som av ulike årsakar ikkje fekk vaksine denne dagen kan bestille time på den ordinære vaksinasjonsdagen i veka, torsdag. Time til torsdagar kan du bestille her: timebestilling.remin.no/fjaler 

  • Barn, opp til dei fyller 16 år, må ha samtykkeerklæring med underskrift frå begge foreldre. I veke 37 fekk alle aktuelle born skjema og informasjon med seg heim frå skulen.
  • Barnet må vere fylt 12 år for å få tilbod om vaksine.
  • Om de ønskjer at barnet skal ta vaksine ved fylte 12 år etter 30.09.2021 må de ta kontakt med Fjaler kommune sitt sentralbord på telefonnummer 577 38000 
  • Barn fødd i 2006-2009 får ein dose med vaksine. 15-åringar fødd i 2005 får to dosar.

 

Koronavaksine

Koronavaksinasjon er ein del av det nasjonale vaksineprogrammet som kommunane skal tilby sine innbyggjarar. Koronavaksinen er gratis.

På FHI sine sider kan du lese meir om det nasjonale vaksinasjonsprogrammet: www.fhi.no/kvp
 

Fjaler kommune tilbyr ikkje Janssen-vaksinen

Med bakgrunn i anbefalingane frå Folkehelseinstituttet (FHI) og Legeforeningen er legane i Fjaler kommune einige om at vi ikkje vil tilby Janssen-vaksinen på legekontoret.

Med det noverande smittenivået lokalt og nasjonalt og med den forventa framgangen i massevaksinasjon med mRNA-vaksiner, finn vi ikkje grunnlag for å vurdere vaksinasjon utanfor det nasjonale vaksinasjonsprogrammet.