Kommunereforma: Kva er måla med reforma?

Stortinget har gitt si tilslutning til å gjennomføre ei kommunereform

Målet med reforma er

  • Gode og likeverdige tenestar til innbyggjarane
  • Ei heilskapeleg og samordna samfunnsutvikling
  • Kommunar som er bærekraftige og økonomisk robuste
  • Eit styrka lokaldemokrati

Færre og større kommunar skal gi betre mogelegheiter til å utvikle bærekraftige og gode lokalsamfunn.

Hausten 2014 vart alle landets kommunar invitert til å starte prosessar for å avklare om det er aktuelt å slå seg saman med nabokommunar.

 Viktige datoar pr mars 2016

Viktige tidspunkt pr mars 2016
KvaNår
Rådgjevande folkeavrøystingar og innbyggjarundersøking4. april
Felles formannskapsmøte8. april
Kommunestyrehandsaming om samanslåing er gjort30. april
Evt. kommunestyrehandsaming 2 er gjennomført30. juni
Nytt inntekstssystem for kommunane blir vedtekeSommar 2016
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane si tilråding i høve kommunesamanslåing ligg føreHaust 2016
Stortingsproposisjon om: Ny kommunestruktur. Nytt regionalt nivå (både folkevald og statleg). Nye/ endra oppgåver (samla for kommune og region). Naudsynte lovendringar.Vår 2017
Ny kommunestruktur på plass1. januar 2020

 

Fjaler kommune og kommunereforma.

Storkommune eller HAFSVasslilje - Klikk for stort bilete

Informasjonsavis om kommunereforma (PDF, 8 MB)

Informasjonsbrosjyre om kommunereforma (PDF, 8 MB)

 

Vedtak

Fjaler kommunestyre gjorde i møte den 22.06.15 (sak 48/15) følgjande vedtak:

Fjaler kommune gir si tilslutning til følgjande intensjonsavtalar:
 

1. Avtale mellom HAFS-kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund

 

2. Avtale mellom kommunane Gloppen, Jølster, Førde, Gaular, Naustdal, Flora, Fjaler, Askvoll og Hyllestad

 

Dette betyr at arbeidet så langt er gjennomført i høve planen og at kommunen har gjort vedtak om to intensjonsavtalar som nemnt ovanfor.

 

Følg utviklinga i arbeidet gjennom arkivsak 14/1495 og kommuneTV.

Aktuelle linkar:

www.prosjektsunnfjord.no

www.kommunereformen.no

www.nykommune.no

 

Vidare arbeid

Frå hausten blir det starta ein ny prosjektfase som går fram til endeleg vedtak om samanslåing – innan 1. juli 2016.

Framdrifta til no har handla om utgreiing og vurdering av alternativ og vedtak om intensjonsavtalar. I neste fase av arbeidet vil plan for involvering av innbyggjarane har særskilt fokus. Sjå framdriftsplan pr. oktober.

 

Utgreiingar

PWC har i samarbeid med Telemarksforskning gjennomført utgreiing av «kommunereform i Sunnfjord» og «kommunereform i HAFS» Utgreiinga omhandlar utfordingar og moglegheiter ved ei storkommune, administrativ og politisk organisering og økonomiske følgjer av reforma. Rapportane frå Pwc og gruppearbeidet som kommunane har vore med på, ligg til grunn for intensjonsavtalane som kommunane har handsama i sine kommunestyrer før 1.7.15.

 

Rapport utgreiing 1: Storkommune - utfordringar og mogelegheiter

Rapport utgreiing 2: Politisk og administrativorganisering

Rapport utgreiing 3: Analyse og kartlegging innan økonomi

Publisert av Elin Ullebø Ulvik. Ansvarleg Ola Hovland. Sist endra 08.03.2016 av Elin Ullebø Ulvik
Eksterne lenker
 
 
Login for redigering