Planområde

Fjaler kommune varslar med dette, i samsvar med plan- og bygningslova § 12-8, om justert plangrense for områdereguleringsplanen for Dale - planID 1429 2017 06.

 

Fv 57 Strandanes Nistadlia

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-10 vert detaljreguleringsplan for Fv 57 Strandanes – Nistadlia ut på høyring og offentleg ettersyn etter vedtak i Formannskapet sak FOR-026/18.

Åsnes sjø og fritid

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-12 har kommunestyret i sak KOM-029/18 vedteke detaljreguleringsplan for Åsnes sjø og fritid, med plankart og føresegner datert 05.02.2018.

Steia tun - bilde

I medhald av plan- og bygningslova § 12-10 vert framlegg til detaljreguleringsplan for Steia tun, gbnr 64/171, lagt ut på offentleg ettersyn og høyring. Tiltakshavar er Vestbygg AS. Plankonsulent er Leite & Howden AS.

Plangrense.jpg

I medhald av plan- og bygningslova (PBL) § 12-8 varslar Multiconsult Norge AS på vegne av tiltakshavar, Kvamen kai AS, oppstart av planarbeid med detaljregulering for Kvamen, del av gnr./bnr. 58/1 og 58/2 i Fjaler kommune. Grunneigar er Jostein Sylta og tiltaksområdet ligg ca. 3 km nordaust for Dale mellom Dalsfjorden og fv.57. Varsel om oppstart vert også annonsert i avisa Firda tysdag 16.01.2018.

 

Sandnes Fiskeoppdrett AS, Fure, 6967 Hellevik i Fjaler søkjer 27.10.17 om endring av lokalitet 11813 – Svinøy. Søknaden gjeld endring av storleik på rammer, flytting av anlegget ca 100 meter lenger mot nord og justering av retning på anlegget litt meir nord-sør.

Plangrense endring kommunedleplan.jpg

I samsvar med plan- og bygningslova §11-12 og §11-13 vert det med dette varsla oppstart av endring av deler av kommunedelplanen for Dale og offentleg ettersyn av planprogram.