Status koronavaksinering i Fjaler kommuneFjaler kommune har meldt Folkehelseinstituttet (FHI) at vi har god kapasitet til å administrere ut til innbyggarane dei vaksinedosane vi får frå dei. Det vil sei at framdrifta i vaksineringa i Fjaler er styrt av tilgangen på vaksiner. I veke 8 og 9 har vi ikkje fått nye doser berre påfyll/dose 2. I veke 10 får vi nye doser av Pfizer vaksina som går til gruppe 3 (75+) og av AstraZeneca som går til helsepersonell. Status vaksinering - grafisk framstilling (PDF, 179 kB) FHI - vaksineringsscenario (PDF, 538 kB) Koronavaksine Koronavaksinasjon er ein del av det nasjonale vaksineprogrammet som kommunane skal tilby sine innbyggjarar. Fjaler kommune vil få tilgang til fleire ulike vaksinetypar som kjem til ulike tidspunkt. På FHI sine sider kan du lese meir om det nasjonale vaksinasjonsprogrammet: www.fhi.no/kvp Prioriterte grupper I starten vil det ikkje vere nok vaksine til alle som er anbefalt å ta koronavaksinen. Basert på råd frå FHI har regjeringa kome med følgande prioritering: Sjå prioriteringsrekkjefølga for koronavaksine. Kommunen tek kontakt med deg når det er din tur for tilbod om vaksinasjon. Du skal ikkje kontakte kommunen eller fastlege for å setje deg på venteliste. Koronavaksine og vaksinasjon er gratis. Sist endra04.03.2021 15.44