Prøvingsattest
Før de giftar dykk må skatteetaten sjekke om de oppfyller villkåra for å inngå ekteskap. det vil seie at de må sende inn ein del papir. Behandlingstida er to-tre veker så ver ute i god tid før vigselen.
Sjå skatteetaten: Vegen til ekteskap - steg for steg
Om alt er i orden skriv Skatteetaten ut ein prøvingsattest, som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Du skal sende prøvingsattesten til oss. Prøvingsattesten er gyldig i fire månadar.
Slik bestiller du vigsel
Skal du gifte deg borgarleg i Fjaler kommune må du sende inn elektronisk skjema: søknad om borgarleg vigsel.
Skjema for å bestille borgarleg vigsel
Korleis blir sermonien
- Fjaler kommune nyttar kommunestyresalen som vigselrom. Ynskjer de å ha sermonien ein eigen stad kan de avtale dette med vigslar.
- I sermonien nyttar ein det borgarlege vigselformularet, som er eit tekst som vigslaren les opp.
- Sermonien kan deretter bli tilpassa med til dømes tekst og musikk utover dette.
- Det skal vere to vitne til stades under seremonien. Dette er vanlegvis forlovarane, men det kan også vere to andre myndige personar.
Vigselattest
Kommunen sender vigselmelding til folkeregisteret innan tre dagar etter vigelen. Vigselattest vil de motta frå Folkeregisteret.
Lovar og reglar