Fjaler folkebibliotek

Biblioteket finn du i 1. etasje i Fjalerhuset, og det er ein fin møteplass for små og store, unge og eldre. I vestibylen kan ein lese aviser og tidsskrift. Det er og høve til å bruke datamaskinene på biblioteket.

 

Eg skulle så gjerne hatt tak i...

Biblioteksamlinga inneheld bøker, lydbøker og film og tidsskrift. Du kan sjølv finne fram i websøket vårt. Har vi ikkje det du leitar etter, kan vi bestille frå andre bibliotek.

I vårt nasjonale boksøk kan du sjølv søkje etter titlar på biblioteka i heile landet. Her må du ha nasjonalt lånekort som biblioteket ditt kan skaffe deg.

 

Opningstider:

Fjaler folkebibliotek Dag Tid
Biblioteket, Fjalerhuset Tysdag og fredag 10.00 - 15.30
Torsdag 13.00 - 19.00
Den fyrste laurdagen i kvar månad 10:00 - 15:00

Kvar tysdag mellom klokka 12:00 og 15:00 kan seniorar komme innom og få datahjelp.

Kontakt oss:

Epost: Biblioteket@fjaler.kommune.no

Telefon: 57 73 80 17