Førehandsrøysting

Frå måndag 11. august til og med fredag 5. september kan du førehandsrøyste. Hugs legitimasjon når du skal røyste! 

Du vel sjølv om du vil førehandsrøyste eller røyste på valdagen. Men du kan berre røyste ein gong. Dersom du røystar på førehand kan du ikkje røyste på nytt, heller ikkje på valdagen. 

Du må ikkje vise valkort, men registreringa går raskare dersom du har det klart. 

Opningstid for førehandsrøysting på Fjalerhuset 

  • Måndag til fredag frå 11. august t.o.m. 29. august, klokka 08:00 - 15:00
  • Måndag til fredag frå 01. september t.o.m. 5. september, klokka 08:00 - 15:45
  • Langopent på torsdag 4. september, kl. 08:00 - 18:00

 

Førehandsrøysting på Straumsnes, Hellevik og Flekke

  • Straumsnes grendahus: torsdag 28. august klokka 11:00 - 13:00
  • Hellevik Nærbutikk: torsdag 28. august klokka 15:00 - 17:00
  • Joker Flekke: tirsdag 02. september klokka 15:30 - 18:00

 

Førehandsrøysting på utdanning-, helse- og omsorgsinstitusjonar

Det vert førehandsrøysting ved desse institusjonar:

Fjaler sjukeheim, Dale vidaregåande skule og Røde kors Haugland Rehabiliteringssenteret. Tid og stad for røysting på desse plassar vert kunngjort ved oppslag på institusjonane. 

Assistanse i vallokale

Om du treng assistanse til å røyste kan valmedarbeidar eller ein annan person du sjølv vel ut, hjelpe deg. Både valmedarbeidar og sjølvvald hjelpar har teieplikt dersom dei får innsikt i kva og kven du røyster på.

Hugs gyldig legitimasjon

Du må ha med legitimasjon når du skal stemme. Møter du opp i vallokalet uten legitimasjon og du er ukjent for stemmemottakar, får du ikkje stemme. Legitimasjon kan vere pass, nasjonalt ID-kort, førarkort (også digitalt) eller bankkort med bilde. 

Andre måtar du kan førehandsrøyste på

Heimerøysting

Dersom du er sjuk eller ufør og ikkje kan røyste i eit vallokale, så kan du søke om å få førehandsrøyste heime eller der du oppheld deg.

Fristen for å søke om heimerøysting er torsdag 4. september 2025 kl. 12.00

Du kan ringe sentralbordet til Fjaler kommune på telefon 57 73 80 00 (09:00 - 14:00) for å gjere avtale om heimerøysting. 

 

Røyste frå utlandet

Veljarar som bur eller oppheld seg i utlandet kan førehandsrøyste på norske ambassadar, og andre utenriksstasjonar eller oppnemnte røystemottakarar fra 1. juli 2025.

Dersom du er i utlandet, men ikkje har moglegheit til å oppsøke ein røystemottakar, kan du førehandsrøyste ved brevpost.

Les meir om å røyste ved brevpost på valg.no

Fristen for å førehandsrøyste i utlandet er 29. august, men du er sjølv ansvarlig for å røyste så tidleg at røysta kjem fram til riktig kommune seinast 9. september, kl. 17:00. Hugs difor å røyste så tidleg at røysta kjem fram i tide med normal postgang.

Les meir om å røyste frå utlandet på valg.no.

 

Vallokaler og opningstider i alle kommunar 

På valglokaler.no, finn du vallokaler og opningstider i alle kommunar. Du kan førehandsrøyste i alle kommunar i Noreg. Men på sjølve valdagen må du røyste i kommunen som du er manntalsført i. 
Hugs at du må førehandsrøyste om du ikkje oppheld deg i kommunen du er manntalsført i på sjølve valdagen. 

 

Meir informasjon om valet

Les meir om stortings- og sametingsvalet 2025 på Valdirektoratet sine nettsider

Jeroen Van Gangelen
Fagleiar arkiv
E-post
Telefon 57 73 80 12
Inger Hovlandsdal
Økoniomikonsulent
E-post
Telefon 57 73 80 05