Manntalet er ei oversikt over kven som har røysterett i ein kommune.
Manntalet vert oppdatert av Folkeregisteret og dei fleste vert difor automatisk ført inn i manntalet i den kommunen ein er folkeregistrert som busett i per 30.juni 2023.
Du kan førehandsstemme i kva kommune som helst, men skal du røyste på valdagen måndag 11.september (og ved søndagsopne vallokale på 10.september) må du gjere det i eit vallokale i kommunen du er manntalsført i.
Manntalet for Fjaler kommune vert lagt ut til offentleg ettersyn på Fjalerhuset i månadsskifte juli / august.
Skal du flytte?
Dersom du har flytta til ein anna kommune etter 30.juni er du framleis registrert i manntalet (og har røysterett) i den kommunen du flytta frå.
Bur du i utlandet?
Dersom du bur i utlandet, men har vore folkeregistrert som busett i Noreg i løpet av dei siste 10 åra, blir du automatisk ført inn i manntalet i kommunen du var registrert som busett i då du flytta frå Noreg.
Dersom du ikkje har vore registrert busett i Noreg dei siste 10 åra, må du søkje om innføring i manntalet. Du søker ved å skrive under på den omslagskonvolutten som vert nytta ved forhåndsstemmegivning utenriks. Dersom du forhåndsstemmer i Noreg eller ikke nyttar den nevnte omslagskonvolutten, må du søke særskilt. Då kan du nytte eige søknadskjema for innføring i manntalet.
Last ned søknadsskjemaet for innføring i manntalet (PDF, 80 kB)