Førehandsrøysting

Frå torsdag 10. august til og med fredag 8. september kan du førehandsrøyste. Hugs legitimasjon når du skal røyste! 

Du vel sjølv om du vil førehandsrøyste eller røyste på valdagen. Men du kan berre røyste ein gong. Dersom du røystar på førehand kan du ikkje røyste på nytt, heller ikkje på valdagen. 

Du må ikkje vise valkort, men registreringa går raskare dersom du har det klart. 

Opningstid for førehandsrøysting på Fjalerhuset 

  • Måndag til fredag frå 10. august t.o.m. 8. september, klokka 08:00 - 15:00
  • Langopent på torsdag 31. august og torsdag 7. september, kl. 08:00 - 18:00

 

Førehandsrøysting på Straumsnes og Hellevik

Det vert førehandsrøysting på onsdag 30. august ved: 

  • Straumsnes grendahus: klokka 09:30 - 11:30
  • Hellevik Nærbutikk: klokka 13:00 - 15:00

 

Førehandsrøysting på utdanning-, helse- og omsorgsinstitusjonar

Det vert førehandsrøysting ved desse institusjonar:

  • Fjaler sjukeheim: måndag 4. september, klokka 10:30 - 12:30
    Etterpå vil røystemottakarane besøke rommet til brukarar/pasientar som treng det.  

  • Dale vidaregåande skule: tysdag 5. september, klokka 11:00 - 13:00

  • Røde kors Haugland Rehabiliteringssenter: torsdag 7. september, klokka 12:30 - 14:30 

I tidsromma nemnt ovanfor vert det ope for mottak på eige rom. Då har alle høve til å røyste, både bebuarar, pårørande, elevar og tilsette. 

Assistanse i vallokale

Om du treng assistanse til å røyste kan valmedarbeidar eller ein annan person du sjølv vel ut, hjelpe deg. Både valmedarbeidar og sjølvvald hjelpar har teieplikt dersom dei får innsikt i kva og kven du røyster på.

Hugs gyldig legitimasjon

Du må ha med legitimasjon når du skal stemme. Møter du opp i vallokalet uten legitimasjon og du er ukjent for stemmemottakar, får du ikkje stemme. Legitimasjon kan vere pass, nasjonalt ID-kort, førarkort (også digitalt) eller bankkort med bilde. 

Andre måtar du kan førehandsrøyste på

Heimerøysting

Dersom du er sjuk eller ufør kan du søke om å få førehandsrøyste heime eller der du oppheld deg.

Fristen for å søke om heimerøysting er tysdag 5. september 2023 kl. 14.00

Du kan ringe sentralbordet til Fjaler kommune på telefon 57 73 80 00 (09:00 - 14:00) for å gjere avtale om heimerøysting. 

 

Røyste frå utlandet

Veljarar som bur eller oppheld seg i utlandet kan førehandsrøyste på norske ambassadar, og andre utenriksstasjonar eller oppnemnte røystemottakarar fra 1. juli 2023.

Dersom du er i utlandet, men ikkje har moglegheit til å oppsøke ein røystemottakar, kan du førehandsrøyste ved brevpost.

Les meir om å røyste ved brevpost på valg.no

Fristen for å førehandsrøyste i utlandet er 1. september, men du er sjølv ansvarlig for å røyste så tidleg at røysta kjem fram til riktig kommune seinast 12. september, kl. 17:00. Hugs difor å røyste så tidleg at røysta kjem fram i tide med normal postgang.

Les meir om å røyste frå utlandet på valg.no.

Søke om innføring i manntalet 

Veljarar som ikkje har vore registrert i folkeregisteret som busett i Norge i løpet av dei siste ti åra, må søke om å bli innført i mantallet i sin siste norske bustadskommune.

Skal du røyste ved ein røystemottakar i utlandet, søker du ved å skrive under på omslagskonvolutten som vert brukt ved utenriksrøysting.

Dersom du førehandsrøyster ved brevpost og ikkje brukar den offisielle omslagskonvolutten, så søker du ved å fylle ut skjema for innføring i manntalet. 

Last ned pdf-skjema for innføring i manntalet

Du kan også skrive på konvolutten du brukar som omslagskonvolutt at du søker om innføring i manntalet i gjeldande kommune og ei stadfesting om at du er norsk statsborgar.
 

Vallokaler og opningstider i alle kommunar 

På valglokaler.no, finn du vallokaler og opningstider i alle kommunar. Hugs at du må førehandsrøyste om du ikkje oppheld deg i kommunen du er manntalsført i.  

 

Meir informasjon om valet

Les meir om kommunestyre- og fylkestingsvalet på Valdirektoratet sine nettsider

Jeroen Van Gangelen
Fagleiar arkiv
E-post
Telefon 57 73 80 12
Inger Hovlandsdal
Økoniomikonsulent
E-post
Telefon 57 73 80 05