Fjaler ungdomsråd

Fjaler ungdomsråd starta opp att hausten 2022. Ungdomsrådet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld barn og ungdom i kommunen. Rådet bestemmer sjølv kva saker dei vil kome med innspill på. Dei kan og ta opp saker på eige initiativ.

Dette er representantane i Fjaler ungdomsråd: 

  • Dale vidaregåande skule: Tonje Roos og Andrine Yndestad Engen
  • Dingemoen skule: Peter Ravn og Thea Kvile Hjartholm
  • Våge skule: Ian Andrè Alfheim og Andreas Haugstad.

Ny leiar for ungdomsrådet er Tonje Roos frå Dale vgs og nestleiar er Peter Ravn frå Dingemoen skule.

Koordinator for ungdomsrådet er Kommunalsjef for kultur og samfunnsutvikling.

Ordførar Kjetil Felde vert kalla inn til alle møte og prioriterer å delta på desse.

Oppgåvene til Fjaler ungdomsråd:

  • vere kontaktledd for elevråda i kommunen og ungdomsorganisasjonar
  • vere høyringsinstans for kommunen i saker som vedkjem ungdom
  • vere eit bindeledd mellom ungdommen og kommunen der dei unge kan uttrykkje seg og utvikle seg politisk
  • tildele årlege budsjettmidlar etter eigne vedtak

Møteplan

Oversikt over møter i ungdomsrådet finn du på Fjaler kommune sin politiske møteplan

Val av representantar til ungdomsrådet

Representantane i Fjaler ungdomsråd skal veljast frå Våge ungdomsskule, ungdomssteget på Dingemoen skule og Dale vidaregåande skule. Det blir valt nytt ungdomsråd kvart år.

Ingeborg Tysnes
Kommunalsjef kultur og samfunnsutvikling
E-post
Telefon 57 73 80 44
Mobil 98 86 50 54