Koronavirus covid-19

Samla informasjon frå Fjaler kommune om Koronavirus

Har du spørsmål om koronavirus?  Du finn mykje nyttig informasjon på fhi.no. Lokal koronatelefon 976 89 290 er open kvardagar 09.00 - 14.00. 
Nasjonal informasjonstelefon 815 55 015 er open kvardagar 08.00 - 15.30.

 

Lærling i Fjaler kommune

Som lærling i Fjaler kommune inngår du lærekontrakt og tek delar av utdanninga på ein arbeidsplass i kommunen. Lærlingar har retter og pliktar som andre arbeidstakarar. Du har rett til å få den opplæringa som vert fastsett i læreplanen, men og plikt til å delta aktivt for å nå måla, og å delta i planlegging og vurdering av ditt eiget arbeid. Læretida avsluttast med ei fagprøve. 
 

Fjaler kommune er ei godkjend lære bedrift innan

  • Helsearbeidarfaget
  • Barne- og ungdomsarbeidarfaget

Vi kan tilby

  • Lærekontrakt og opplæringskontrakt
  • Mellombels tilsetting i Fjaler kommune som lærling/lærekandidat i 2 år
  • Løn under utdanning
  • Trivlege arbeidsplassar med godt læringsmiljø
  • Leiarar med fagleg/pedagogisk bakgrunn, dyktige instruktørar og rettleiarar

Meir informasjon finn du på vigo.no

Ledig lærlingplass i kommunen vert publisert under ledige stillingar på heimesida til Fjaler kommune.