Velkomen som jobbsøkjar i Fjaler kommune

Klikk for stort bilete

Kort om søkjeprosessen

Vil du søkje på ei ledig stilling hjå oss, må du registrere CV og sende søknaden elektronisk. Dette gjer du ved å opprette ein eigen brukaridentitet og eit passord i Easycruit.
 

Ny søkjeportal

Vi har fått ny søkjeportal frå 2019. CV som er lagt inn i basen før 01.01.2019 er ikkje registrert i den nye portalen. Første gang du søkjer ei stilling hjå oss i 2019 må du legge inn CV på nytt. Det nye systemet forenklar jobben med å legge inn CVèn ved at det les i frå både fil og sosiale media.
 

CV i basen

Det er ikkje naudsynt å registrere ny CV for kvar gang du søkjer ein jobb i Fjaler kommune. Du nytter den CV-en du har lagt inn og skriv ein kortfatta søknadstekst i tillegg. Du kan sjølv slette CV-en din når du ikkje lengre ønskjer å ha den liggande i basen vår. Har du søkt jobb andre stader og nytta Easycruit, kan du bruke opp att identiten din.
 

Offentleg søkjarliste

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.
 

Opne søknader

Vi har ikkje moglegheit å ta imot opne søknadar, men ønskjer du informasjon om karrieremoglegheiter i Fjaler kommune kan du ta kontakt med personalsjef Camilla Ericsson Valvik på e-post Camilla.Ericsson.Valvik@fjaler.kommune.no  eller telefon 57738015.