Digital sjukemelding

Nye rutiner for levering av sjukemelding

Frå 15. januar 2018 har NAV bestemt at du primært skal levere digital sjukmelding om du vert sjukmeldt. Dette kan du gjere på smarttelefon, nettbrett eller PC.

 

Innlogging

For å nytte digital sjukmelding, må du ha BankID, Buypass eller Commfides. Ta kontakt med banken din, dersom du ikkje har BankID.

Om du ikkje kan skaffe deg nokon av innloggingstenestene kan du ikkje nytte digital sjukmelding. Då må du levere sjukmeldinga di på papir som før. Det same gjeld om den som sjukmelder deg, ikkje kan bruke digital sjukmelding.

 

Om du vert sjukmeldt

Når du er hos legen og får ei sjukmelding, må du syte for å få ei sjukmelding for kvar av stillingane du vert sjukmeldt i.

Du får melding på e-post og/eller SMS frå NAV når du har fått digital sjukmelding.

Gå inn på nav.no og logg deg på Ditt NAV. Følg rettleiinga, sjekk at sjukmeldinga er OK og send den vidare til arbeidsgjevar.

Når sjukmeldinga går mot slutten, vil du få varsel på e-post og/eller SMS frå NAV om at du må sende inn krav om sjukepengar.

Gå inn på nav.no og logg deg på Ditt NAV. Følg rettleiinga og send inn krav om sjukepengar (tidlegare del D av sjukmeldinga).

 

 

Meld frå til leiar slik som før

Vert du sjuk og ikkje kan møte på jobb, skal du som før ta kontakt med nærmaste leiar og melde frå om fråværet så snart som mogleg. Her er det ingen endringar i rutinane.

 

Meir om digital sjukmelding

Informasjon om digital sjukmelding finn du på nav.no

Har du behov for hjelp, ta kontakt med leiaren din eller kontakt personal og organisasjon:

Nina Aas – nina.aas@fjaler.kommune.no – tlf 57738004

Camilla E. Valvik – cav@fjaler.kommune.no – tlf 57738015