Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Vaksinering  |  Testing

  • Ved positiv hurtigtest: Ring 46 81 29 60 for rådgjeving, kvardagar 08.00–20.00, helg 10.00–16.00. Ved positiv hurtigtest utanom opningstida, ber vi deg gå i isolasjon og kontakte nærkontaktar sånn at dei går i karantene. Ring smitteverntelefonen når den opnar for hjelp til vidare smittesporing
  • Vaksinespørsmål: Ring 57 73 80 00 (kvardagar 09.00–14.00)
  • Andre spørsmål om korona: Ring 97 69 74 37 (kvardagar 09.00–14.00)
 

Personvernombod

Fjaler kommune har i samarbeid med fleire andre kommunar i ytre Sogn og Sunnfjord tilsett personvernombod. Du kan kontakte personvernombodet om du treng hjelp eller det er noko du lurar på om kommunen sin lagring av personopplysningar eller personvern. 

Kva gjer personvernombodet?

Personvernombodet skal blant anna bidra til at verksemda:

  • Informerer om kva personopplysningar som vert samla inn og kvifor.
  • Held oversikt over opplysningane som vert behandla.
  • Gje innsyn til den opplysningane gjeld.
  • Kontrollerer tilgangen til opplysningane.
  • Ber om samtykke frå dei som det vert henta opplysningar frå før opplysningane vert behandla.
  • Beskyttar informasjonen slik at den ikkje kjem på avvege.
  • Vurderer risiko for tryggleiksbrot og konsekvensar av desse.
  • Slettar personopplysningar når det ikkje lenger er behov for desse.

 

Teieplikt

Personvernombodet har teieplikt, og kan ikkje få instruksjonar direkte frå kommunen si leiing.

Du kan finne meir informasjon om personvernombod på Datatilsynet sine heimesider.

 

Kontaktinformasjon personvernombodet

Personvernombod for SYS-kommunane er Carl Nyborg-Christensen. Kontaktinformasjon til personvernombodet er: