Velkomen som jobbsøkjar i Fjaler kommuneVil du søkje på ei ledig stilling hjå oss, må du registrere CV og sende søknaden elektronisk. Dette gjer du ved å opprette ein eigen brukaridentitet og eit passord i søkjeportalen vår Easycruit. Sjå våre ledige stillingar Sjå/endre CV CV i basen Easycruit forenklar jobben med å legge inn CVèn ved at det les i frå både fil og sosiale media. Det er ikkje naudsynt å registrere ny CV for kvar gang du søkjer ein jobb i Fjaler kommune. Du nytter den CV-en du har lagt inn og skriv ein kortfatta søknadstekst i tillegg. Du kan sjølv slette CV-en din når du ikkje lengre ønskjer å ha den liggande i basen vår. Har du søkt jobb andre stader og nytta Easycruit, kan du bruke opp att identiten din. Du sender éin søknad for kvar stilling (stillingsnummer) du søker på. Offentleg søkjarliste Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om unntatt offentligheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. § 25 i offentleglova. Kan ikkje kommunen imøtekome ønsket, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt. Lærling i Fjaler kommune Ledig lærlingplass i kommunen vert publisert under ledige stillingar her på heimesida til Fjaler kommune. Les meir om kva vi kan tilby lærlingar i helsearbeidarfaget og barne- og ungdomsarbeidarfaget Sist endra 25.10.2021 13.09