Når alvorlege hendingar oppstår, som går ut over hendingar kommunen normalt er førebudd på å handtere, skal kriseleiing etablerast. Mindre hendingar vert handtert på fag- og sektornivå.
Kriseleiinga etablerast når uønska hendingar
- kan påverke mange innbyggjarar i kommunen
- krev tiltak frå fleire sektorar
- vil medføre eit stort behov for informasjon
- ved straumbrot utover 1 time der det ikkje er kommunikasjon (mobil og telefon)
Varsel til kriseleiing kan kome frå:
- Statsforvaltaren, ved større hendingar på regionalt/nasjonalt nivå.
- Politi- og brannsentral, eller AMK (112, 110, 113)
- Lokalt helse- , brannvern- og politi
- Andre
Iverksetting av kriseleiing
- Kommunedirektør har ansvar for iverksetting av kriseleiing. Er kommunedirektør fråverande tek ordførar denne avgjersla.
Kriseleiinga sine oppgåver
- Situasjonsavklaring; innhente opplysingar om hendinga i kommunen
- Ta avgjersle om iverksetting av tiltak for å hindre skadar på personar og materielle verdiar
- Prioritere bruken av kommunale ressursar
- Halde kontakt med skadestadsleiing
- Syte for informasjon til innbyggjarar og media
- Gje rapport om situasjonen til Statsforvaltaren og/eller andre mynde
- Ved drift utover eitt døgn – organisere turnus/kalle inn ekstra personell
Informasjon- og kommunikasjonstiltak lokalt
Det er ordførar og kommunedirektør som har ansvar for å informere innbyggjarane, j.fr kommunen sin beredskapsplan.
- Fjaler kommune brukar si heimeside som hovudinformasjonskanal. Her finn ein oppdatert informasjon frå sentrale mynde samt informasjon om lokale tiltak.
- Fjaler kommune si facebook side
- SMS varsling vil verte brukt ved behov, m.a. dersom det er endringar og utvikling i situasjonen som vi meiner krev rask varsling til alle innbyggjarar og bedrifter.
- Om nødvendig vil vi i tillegg bruke NRK Sogn og Fjordane og lokalavisa Firda.
Kriseleiinga i Fjaler kommune består av:
- Kommunedirektør
- Ordførar
- Økonomisjef
- Kommunalsjef oppvekst
- Kommunalsjef helse og omsorg
- Kommunalsjef teknisk
- personalsjef
- beredskapskontakt
Krisestab som vert kalla inn ved behov:
- Brannsjef med vara
- Kommuneoverlege
- Tilsette ved personal og organisasjon
- Flyktningekoordinator
Psykososiale ressursar
- Eiga gruppe for psykososialt kriseteam, leiar er fagansvarlig for psykisk helse. Andre i gruppa er prest, lege og helsesjukepleiar.
Beredskapsgruppe smittevern
- Gruppa består av smittevernlege, hygienesjukepleiar sjukeheim og tenesteleiar helseteneste.