Jodtablettar og krigen i Ukraina

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik seier det er lite sannsynleg at det blir nødvendig å ta jodtablettar i Noreg som følgje av situasjonen i Ukraina.
Les informasjon frå Statsforvaltaren i Vestland om jodtablettar og krigen i Ukraina.

Jodtablettar i Fjaler kommune:

Dersom vi skulle få ein situasjon der Kriseutvalet for atomberedskap gjev råd om å ta jodtablettar, vil rådet gjelde for:

  • born og unge under 18 år
  • gravide og ammande
  • og ved svært alvorlege ulukker kan òg andre vaksne under 40 år få råd om å ta jodtablettar.

I Fjaler kommune har alle barnehagar og skular lager av jod-tablettar. Det er vidare tilrådd at jod-tablettar er ein del av eigenberedskapen i husstandar med vaksne under 40 år. Les på dsa.no om kva du kan gjere for å besytte deg ved ei atomulukke

Beredskap