Velkomen til Fjaler kommune si nye heimeside!

Båt på Fjorden - Klikk for stort bilete David Zadig

I dag har Fjaler kommune fått ny heimeside. Vi er veldig glade for å no kunne tilby innbyggjarane våre ei oppdatert og universelt utforma heimeside.

Det vart hektisk på slutten før lansering, så vi er ikkje heilt i mål med alt innhald. Framover jobbar vi kontinuerleg med innhald. Målet er å ha ei levande heimeside der vi informerer om tenestene våre med eit klart språk.

Ny aktivitetskalender

Den gamle aktiviteskalenderen " kva skjer" er no erstatta av aktivitetskalender i foreningsportalen.no. Her vil du finne oversikt over hendingar og aktiviterar som skjer i Fjaler kommune. På heimesida vår finn du aktivitetskalenderen vår oppe på banneret og i menyen. 

Sjå vår nye aktivitetskalender 

Gje oss gjerne tilbakemeldingar!

Finn du ikkje fram eller saknar du noko? Kom gjerne med tilbakemeldingar.

Under kvar artikkel spør vi deg om du finn det du leitar etter. Ved å trykke på knappane "Ja" eller "Nei"  kan du her legge inn kommentarar og forslag til forbetringar. Vi set pris på at du legg igjen melding dersom det er noko du saknar eller ikkje finn. Ynskjer du svar frå oss må skrive e-post adressa di.

Håpar du liker den nye heimesida vår!