Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Status vaksinering  |  Om koronatesting Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale informasjonstelefonen 815 55 015

 

eDialog

Klikk for stort bileteE-post kan vere ein usikker kanal for sensitiv post, og kan også vere ein omveg for post som skal inn i arkivsystemet vårt. Vi har no teke i bruk eDialog, som opnar for sikker, rask og effektiv handtering av post til Fjaler kommune.


Du kan bruke eDialog dersom du skal

  • sende dokument til sakshandsaming eller journalføring
  • sende dokument med konfidensielle opplysningar
  • sende dokument til eksisterande sak

Du treng ikkje bruke eDialog dersom

Korleis mottek vi post du sender inn med eDialog?

Fjaler kommune sitt postmottak tek imot innsendinga di og formidlar vidare til rett sakshandsamar same dag eller neste dag. Svar blir sendt til din elektroniske postboks (Altinn, Digipost el. eBoks).
 

Send inn post her


Slik fyller du ut skjema

  • Vel om du er privatperson/innbyggjar (fødselsnr.) eller om du representerer ei verksemd (org.nr). Obligatoriske felt er merka med *
  • Gje ei god beskriving av innsendinga di. Kommentarfeltet vert lagt inn som eit eige vedlegg.
  • Om du har du eit saksnummer, skriv du dette i feltet «tittel» ilag med tittel på innsendinga.
  • Hugs å laste opp relevante vedlegg. NB: godkjent filformat er kun pdf.
  • Klikk på «send forsendelse». Du får då kvittering på e-post.
     

Sending av dokument som er unnateke offentlegheit

Tenesta er godt eigna til å sende inn dokument av typen "unnateke offentlegheit". Kanalen er kryptert og avsendar autentisert. Merk gjerne tittelen med «UO» i tillegg til sakstittel.
 

eDialog kan og brukast til å svare på brev frå kommunen

Eksempel: Du får eit brev frå Fjaler kommune som du skal svare på. Du får varsling på e-post og kan opne brevet i di valde elektroniske postkasse (dersom det er Altinn, Digipost eller e-Boks). I brevet finn du lekkje til eDialog-skjemaet "Svar på denne sendinga". Du loggar inn og sender svaret til oss. Svaret går direkte til sakshandsamar i sakssystemet vårt. På denne måten går både utgåande post og ditt svar fullelektronisk i sak/arkiv-systemet til Fjaler kommune.
 

Vi oppfordrar privatpersonar og bedrifter til å ta i bruk eDialog.  Det er fleire fordelar:

  • Det er ein sikker kanal  å sende oss post på. Data blir overført kryptert.
  • Det gjev ein sikker identifikasjon av avsendar.
  • Posten kjem raskare fram. Dokumenta blir sende elektronisk og direkte til systemet vårt. Sakshandsamar får posten same dag eller neste dag.