Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Status vaksinering  |  Om koronatesting Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale informasjonstelefonen 815 55 015

 

Digital post frå oss

Fjaler kommune sender post digitalt. Har du allereie skaffa deg digital postkasse hjå Digipost eller e-Boks, vil breva komme i den postkassen du har valt. Om du ikkje har valt digital postkasse, vil breva komme i Altinn.
 

Opprett ein digital postkasse

Stadig fleire offentlege verksemder vil sende deg digital post. Det er difor nyttig for deg å opprette ein digital postkasse der du får samle all post frå det offentlege.

Du kan velje mellom to postkassar - Digipost eller e-Boks. Les meir om korleis du opprettar digital postkasse på www.norge.no.

 

Korleis vil du få du posten framover?

Når du får digital post frå Fjaler kommune, får du eit varsel på SMS eller e-post. Då veit du alltid når noko er sendt til deg. For å lese brevet loggar du deg inn i din postkasse. Du kan logge inn med MinID, BankID, Buypass eller Commfides.

Det er trygt og enkelt å ta imot post digitalt når du har ein digital postkasse. Du får posten din raskare fordi du slepp å vente på postgangen, og det du får i postkassen kan lagrast der så lenge du ønskjer.

 

Kva skjer om du ikkje skaffar deg digital postkasse?

Brev frå Fjaler kommune vil du få i Altinn om du ikkje har digital postkasse frå e-Boks eller Digipost. Merk deg at dokument som ikkje er opna i Altinn innan to yrkedagar blir skrivne ut og sende via Posten på papir.

 

Du kan reservere deg mot digital post

Du kan reservere deg mot kommunikasjon på nett. Du vil då få post frå det offentlege på papir slik som før. Les meir om korleis du reserverer deg på www.norge.no.reservasjon.