Koronavaksinering i Fjaler kommune


Ynskjer du å ta koronavaksine?

Ta kontakt med sentralbordet på telefon 57 73 80 00 (09.00–14.00) for å sette deg på liste for å ta koronavaksine. 

Vaksineringstemaet tek kontakt med deg på telefon når tidspunkt for neste vaksinering er avklart.

Avbestilling eller endring av timen:

Ynskjer du å avbestille eller endre timen, må du kontakte Fjaler kommune på sentralbordet 57 73 80 00 (kvardagar mellom 09 og 14) så raskt som mogleg.


Dose 4 til personar over 80 år

Er du over 80 år kan du få koronavirus dose 4 dersom du:

  • har fått 3 dosar med koronavaksine for meir enn 4 månader sidan
  • ikkje har hatt koronainfeksjon

Les meir om dose 4 til personar over 80 år på folkehelseinstituttet sine nettsider

 

Vaksinasjon grunnvaksinering

Vaksinasjon grunnvaksinering
Gruppe Vaksinasjon Intervall / informasjon
Alle som har fylt 18 år og eldre som ikkje har starta grunnvaksinering Bør ta to doser med mRNA vaksine så snart som mogleg. Fekk du Pfizer som første dose må du ha minimum 3 veker før dose 2. Fekk du Moderna som første dose må du ha minimum 4 veker før dose 2.
Alle med alvorleg svekka immunforsvar Bør ta 3 doser mRNA- vaksine som ein del av grunnvaksinering

Vaksinasjon - grunnvaksinering barn og ungdom

Vaksinasjon - grunnvaksinering barn og ungdom
Gruppe Vaksinasjon Merknad/ informasjon
Ungdom født 2003, 2004 og 2005 Bør ta to doser med MRNA-vaksine. Dei som er fylt 18 år kan ta oppfriskingsdose 20 veker etter dose 2 i grunnvaksineringa.
Ungdom født 2006, 2007, 2008 og barn født 2009 Kan ta vaksine dose 1 dersom føresatte/barnet sjølv ynskjer det. Kan ta vaksine dose to dersom føresatte/barnet sjølv ynskjer det. Om barnet/ungdommen ikkje er fylt 16 år må dei ha med seg samtykkeskjema til vaksineringa. Det er viktig at begge føresette signerer samtykkeskjemaet.
Barn født 2010 til 2016 og barn som er født i 2017 som er fylt 5 år. Føresette kan kan la sitt barn vaksine. Det er mest aktuelt for barn med kroniske sjukdommar, familiar der barn har nærkontakt med personar med særleg behov for å bli beskytta og barn som har auka risiko fordi dei skal flytte til eller opphalde seg i land med sårlegare helseteneste. Ei dose er vurdert til å gje best nytte-ulempebalanse, men det er mogleg å gje dose 2 etter 8-12 veker. Sjå lekkje til meir informasjon om kva tid og korleis du kan bestille time til denne gruppa, under tabellen.

* Merknad: Der det står "bør" er det ei tydleg anbefaling at ein tek vaksinen. Der det står "kan" må ein sjølv vurdere nytten ut i frå eigen situasjon.

Samtykkeskjema barn 5–15 år
I forkant av vaksineringa må føresette fylle ut samtykkeskjema. Det er viktig at begge føresette signerer samtykkeskjemaet ved vaksinering av barn som ikkje har fylt 16 år på vaksinasjonsdagen:

Vaksinerig barn frå fylte 5-11 år

 

 

Vaksinasjon oppfriskingsdose

Vaksinasjon oppfriskingsdose
Gruppe Vaksinasjon Intervall / informasjon
Alle over 80 år Kan ta koronavaksine dose 4 Dersom du har fått 3 dosar med koronavaksine for meir enn 4 månadar sidan og ikkje har hatt koronainfeksjon
Alle over 45 år og eldre Bør ta ei oppfriskingsdose Så snart det har gått 20 veker sidan dose 2
Alle 18-44 år med underliggande risikotilstandar Bør ta oppfriskingsdose Så snart det har gått 20 veker sidan dose 2
Alle med alvorleg svekka immunforsvar Bør ta oppfriskingsdose (dose 4) 3 månadar etter at dei tok dose 3. Du må ta med dokumentasjon frå behandlar på at du er i gruppa som skal ha dose 4 ved frammøte til vaksinering.
Oppfriskingsvaksinering er ikkje godkjendt for dei under 18 år

* Merknad: Der det står "bør" er det ei tydleg anbefaling at ein tek vaksinen. Der det står "kan" må ein sjølv vurdere nytten ut i frå eigen situasjon.
 

Meir informasjon om koronavaksine

På FHI sine sider kan du lese meir om koronavaksine: www.fhi.no/kvp

Koronavaksinasjon er ein del av det nasjonale vaksineprogrammet som kommunane skal tilby sine innbyggjarar. Koronavaksinen er gratis.

Janne Øksenberg
Leiar heimeteneste
E-post
Telefon 57 73 81 54