Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Status vaksinering  |  Om koronatesting Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale informasjonstelefonen 815 55 015
Lokal koronatelefon 976 89 290 er open kvardagar klokka 10.00–12.00.

 

Vatn og avlaup

Du må søkje om tilkopling til offentleg vatn- og avlaupsanlegg. Dette gjeld både ved oppføring av nybygg og når eksisterande bygningar skal koplast til.

Sluk - Klikk for stort bileteKorleis søkje?

Du må søkje på eige skjema.

Gebyr

  • Tilkoplingsgebyr for vatn og kloakk er eit eingongsgebyr som må betalast i samband med at du knyter eigedommen din til det kommunale vass- og kloakknettet, eller at du får pålegg om slik tilkopling.

 

  • Årsgebyr for vatn og kloakk er eit årleg gebyr som du må betale til Fjaler kommune dersom eigedommen din er knytt til det kommunale vass- og kloakknettet.

 

Kommunen reknar årsgebyr for vatn og kloakk frå den datoen du har fått ferdigattest/bruksløyve (nybygg) eller faktisk tilkoplingsdato (eksisterande bygg) på bygget.

 

Vassmålar

Du må sjølv ordne med kjøp og innstallasjon av vassmålar. Innstallasjon må gjerast av kvalifisert personell ( ta kontakt med rørleggarfirma). Innstallasjon av vassmålaren må godkjennast av kommunen, og du må søkje på eige skjema.  Dette må sendast inn før du får godkjent avrekning mot vassmålar.

Avlesing

Avlesing av vassmålaren skal gjerast ein gong kvart år og meldast inn på eit eige skjema og sendast til kommunen.