Gjenvinnigsstasjon
Gjenvinningsstasjonen i Fjaler finn du i Kjørlevika (ved Solheimskrysset i Flekke).
Opningstid
Stasjonen er open kvar tysdag mellom kl 12.00 og 18.00.
Hyttecontainer
Det er plassert ut hyttecontainer som skal nyttast av dei som betalar renovasjonsgebyr for fritidshus. Desse står utplassert slik:
- Dale, ved kommunen sin driftssentral i Trolleskaret
- Hellevik
- Guddal, v/ tidl. nærbutikk
- Tysse bru (Leite)
- Våge skule, v/ parkeringsplass
- Korssund
- Folkestad (Nesje)
- Steinset (Guddal)
- Tømmerbakke (Vassdalen)
- Flekke, ved gjenvinningsstasjonen
Returpunkt
Glas kan leverast til glasigloar som er sett ut ved Coop Ekstra i Dale, Våge skule, Hellevik, Flekke og ved Guddal nærbutikk.
Fakturering og gebyr frå 1. januar 2021
Frå 1. januar 2021 tek Sunnfjord Miljøverk IKS over faktureringa av renovasjonsgebyret samt gebyret for private septiktankar/minireinseanlegg/slam. Dei som er tilknytt kommunalt kloakkanlegg vil framleis få faktura frå kommunen. Første faktura vil de motta i februar.
Kva vil det bety for deg som abonnent:
- De vil få ein eigen faktura for renovasjon og eventuelt slam direkte frå SUM
- Dersom de har spørsmål til faktura kontakt SUM
- Dersom de ønsker å endre renovasjonsabonnement/dunkstørrelse ta kontakt med SUM
Endringar i renovasjon- og gebyrforeskrifta
Det vil komme endringar i renovasjonforskrifta som vil medføre endringar i gebyret for enkelte abonnentar. Desse vil få brev tilsendt med meir informasjon om kva endringa inneber.
Dei største endringane vil gjelde:
- For dei som har dunksamarbeid
- Reduksjon grunna einsleg i eigen bustad
- Reduksjon grunna lang trilleveg for dunk
- Fritidsbustadar med både rest- og papirdunk
- Elles vil det vere generell auke i gebyret for alle.
Kontaktinformasjon:
Førespurnader i samband med renovasjon/gebyr:
Andre førespurnader:
På heimesida www.sum.sf.no kan de finne web-skjema for ein del endringar og søknadar.