Flyktningar som har fått opphald i Noreg skal busetjast i ein kommune. Fjaler kommune buset kvart år flyktningar etter oppmoding frå Integrering- og mangfaldsdirektoratet (IMDi).
For kommunane er busetjing av flyktningar ei frivillig oppgåve, og det er kommunane som vedtek kor mange flyktningar dei ynskjer å busetje. Ved å gjere vedtak om busetjing, forpliktar kommunen seg mellom anna til å gje tilbod om introduksjonsprogram i samsvar med integreringslova.
Flyktningtenesta i Fjaler
Flyktningtenesta i Fjaler kommune har ansvar for mottak, etablering og god integrering av nye flyktningar i kommunen.
Flyktningetenesta hjelper mellom anna til med:
- Å skaffe bustad
- Etablering og oppfølging i bustad
- Praktisk hjelp og rettleiing i lokalsamfunnet
- Oppfølging av introduksjonsprogram i samsvar med introduksjonslova
I Fjaler kommune har alle dei kommunale tenestene ansvar for å busetje flyktningar innanfor sine tenesteområde. Flyktningtenesta jobbar difor mellom anna opp mot barnehage, skule, vaksenopplæring, kulturkontor, Fjaler frivilligsentral og ulike helsetenester i kommunen, og har i denne samband ei koordinerande rolle.
Korleis kan du bidra?
Ynskjer du å bidra høyrer flyktningetenesta gjerne i frå deg.
Arbeids- og språkpraksis
Flyktningane som kjem til Fjaler kommune skal, som ein del av introduksjonsprogrammet, ut i språkpraksis. Språkpraksis inneberer at ein skal praktisere norsk på ein arbeidsplass. Språkpraksis er ein viktig del av flyktningane si kvalifisering og integrering og ei naudsynt erfaring når deltakarane skal ut i ordinært arbeid etter fullført program. Gjennom språkpraksisar får flyktningane arbeidserfaring, samtidig som dei tileignar seg kunnskap om det norske arbeidslivet.
Ynskjer du å ha ein flyktning i språkpraksis i di bedrift?
Bedrifter som kan stille med språkpraksisplassar kan ta kontakt med flyktningetenesta.