Kven kan få bustønad?
På nettsidene til Husbanken kan du sjå kven som kan få bustønad, kva slag krav som gjeld for bustaden og kva slag grenser for inntekt som gjeld.
Sjekk om du kan få bustønad
Korleis søkjer ein bustønad?
Søknadsfristen for bustønad er den 25. kvar månad. Utbetalinga kjem omkring den 20. i månaden etter. Om du får innvilga bustønad, blir søknaden din overført til neste månad. Får du avslag fordi du har høg inntekt ein månad, blir søknaden din overført til neste månad automatisk.
Søk bustønad
Du må melde frå om endringar
Du har plikt til å melde frå om det er endringar i opplysningane du har gitt i søknaden. Sjekk alltid at det er brukt riktige opplysningar i vedtaket du får.
Melde frå om endringar
Klage på vedtak om bustønad
Dersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker frå du fekk melding om vedtaket.
Klage på vedtak om bustønad
Meir informasjon
Du finn meir informasjon om bustønad på
Husbanken sine sider om bustønad.
Du kan og ta kontakt med NAV Fjaler for å få hjelp og rettleiing.