Skulefritidsordning - SFO

  • Skulefritidsordninga er eit tilbod før og etter skuletid for alle barn i 1.- 4. klasse og for barn med særskilde behov i 5.-7. klasse.
  • Dagleg opningstid er etter behov innanfor ei tidsramme frå 07.00 - 16.30. Opningstida i dei ulike SFO-tilboda kan variere innanfor denne tidsramma.
  • Ved henting etter kl 16.30 vert det kravd gebyr.
  • Det er ikkje rett til skuleskyss til/frå SFO
     

Friminutt - Klikk for stort bileteSøknad om plass


Du søkjer elektronisk om SFO-plass gjennom Visma Flyt Skule. Vanleg søknadsfrist for SFO er 1. april kvart år.

Søk SFO plass her

 

Endringar og oppseiing

Oppseiingstid er ein månad frå den 1. i månaden. Endringar og oppseiing av SFO plass gjer du i Visma Flyt Skule.
 

Ferietilbod - SFO

  • Dingemoen skule har ferietilbod i haust-, vinterferie og i sommarferien, unnateke veke 27, 28, 29 og 30.  
  • Born som elles har ordinært SFO-tilbod har prioritet dersom det er fleire søkjarar til ferietilboda enn det skulen har kapasitet til å ta imot.
  • Du kan melde på i heile veker, ikkje enkeltdagar.
  • Tilbodet kjem i gang dersom det vert påmeldt minst 6 barn.
  • Søknadsfristen for ferietilbod er 20. april for sommarferie, og ein månad før haust- og vinterferie.

Betalingssatsar

  • Opningstida før/etter skuletid og ved heil/halv dag vert rekna i heile og halve timar, ikkje minutt.
  • Informasjon om opningstida til ditt SFO-tilbod får du på skulen.
SFO - betalingssatsar
SFO - betalingssatsar
Tilbod Pris
20-26 timar pr veke Kroner 2575 per md.
15-20 timar pr veke Kroner 2220 per md.
10-15 timar pr veke Kroner 1750 per md.
0-10 timar pr veke Kroner 1350 per md.
Tilbod i skuleferiar Kroner 1100 per veke
Enkeltdagar Kroner 250 per dag
Ekstratimar Kroner 60 per time
Gebyr ved for seint henta barn Kroner 200 per påbegynt halvtime
Syskenmoderasjon 30% for 2.barn og 50 % for 3. og fleire barn

 

Vedtekter for SFO

Vedtektene for skulefritidsordniga er gjeldande frå 01.08.2010, med endring frå 01.01.2019