Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Status vaksinering  |  Om koronatesting Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale informasjonstelefonen 815 55 015

 

Grunnskuleopplæring for vaksne

Du som er over opplæringspliktig alder, og som treng grunnskuleopplæring, har rett til slik opplæring, så langt du ikkje har rett til vidaregåande opplæring etter § 3-1. Retten til opplæring omfattar til vanleg dei faga ein treng for å få vitnemål for fullført grunnskoleopplæring for vaksne. Opplæringa skal tilpassast behovet til den enkelte.
 

Vaksenopplæringa har tilbod til vaksne innvandrarar

Innvandrarar med opphaldsløyve etter 01.01.2012 har rett og plikt til opplæring i minimum 600 timar. Av desse timane skal 50 timar vere samfunnsfag.


Målgruppe

Utlendingar mellom 16 og 55 år som har opphaldsløyve som gir grunnlag for permanent opphaldsløyve. Dette inkluderer:

  • asylantar
  • overføringsflyktningar
  • arbeidsinnvandrarar og familiemedlemmene deira
  • personar med opphald på humanitært grunnlag og familiegjenforeinte til desse
  • familiegjenforeinte med norsk eller nordisk borgar busett i Noreg
     

Pris for tenesta

Du har rett til gratis grunnskule for vaksne dersom du er over 16 år, har lovleg opphald i landet, og har behov for grunnskuleopplæring. 

For elevar utan rett til opplæring etter opplæringslova, sjå pris for vaksenopplæring og prøver:

 

Slik søkjer du:

Ta kontakt med assisterande rektor Guro Osland Ness på Fjaler ungdomsskule og vaksenopplæringa.

E-post:  Guro.Osland.Ness@fjaler.kommune.no

Telefon: 577308072

Ingvard Flekke
Kommunalsjef oppvekst
E-post
Telefon 57 73 80 56
Mobil 918 80 274
Guro Osland Ness
Assisterande rektor
E-post
Telefon 57 73 80 72
Mobil 975 04 563