Søknad om plass
Du søkjer elektronisk om SFO-plass gjennom Visma Flyt Skule. Vanleg søknadsfrist for SFO er 1. april kvart år.
Søk SFO plass her
Endringar og oppseiing
Oppseiingstid er ein månad frå den 1. i månaden. Endringar og oppseiing av SFO plass gjer du i Visma Flyt Skule.
Ferietilbod - SFO
- Dingemoen skule har ferietilbod i haust-, vinterferie og i sommarferien, unnateke veke 28, 29, 30 og 31.
- Born som elles har ordinært SFO-tilbod har prioritet dersom det er fleire søkjarar til ferietilboda enn det skulen har kapasitet til å ta imot.
- Du kan melde på i heile veker, ikkje enkeltdagar.
- Tilbodet kjem i gang dersom det vert påmeldt minst 6 barn.
- Søknadsfristen for ferietilbod er 20. april for sommarferie, og ein månad før haust- og vinterferie.
Betalingssatsar
- Opningstida før/etter skuletid og ved heil/halv dag vert rekna i heile og halve timar, ikkje minutt.
- Informasjon om opningstida til ditt SFO-tilbod får du på skulen.
Har du lågare inntekt kan du få lågare pris
Regjeringa er opptatt av å redusere foreldrebetalinga for familiar med låg inntekt. Ordninga sikrar at ingen familiar skal bruke meir enn maksimalt seks prosent av inntekta si til å betale for ein SFO-plass for elevar på 1. og 2. trinn.
Her kan du søke om lågare foreldrebetaling for SFO
Vi behandlar søknader om lågare pris gjennom heile året. Om du søkjer etter 15. oktober, vert startdato 1. i neste månad.
Får du søknaden om lågare pris godkjent gjeld det ut skuleåret. Du må difor søke på nytt kvart skuleår.
Får du søknaden om lågare pris godkjent, gjeld det frå månaden etter du har sendt søknaden.
Du har rett til å klage om du ikkje får redusert pris. Klagefristen er tre veker etter at du har fått vedtaket. Ei eventuell klage må vere skriftleg. Du sender klagen til Fjaler kommune, Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord.
Frå skuleåret 2020-2021 blir det innført gratis SFO for elevar på 5.–7. trinn med særskilte behov.
Vedtekter for SFO
Vedtektene for skulefritidsordniga er gjeldande frå 01.08.2010, med endring frå 01.01.2019