Ambulerande skjenkebevilling
Skjenking av alkoholholdig drikk i gruppe 1, 2 og 3 til deltakarar i slutta selskap i samband med arrangement som jubileum, bryllaup med vidare
Det er oppretta 2 ambulerande bevillingar for utøving på stad som godkjennast for skjenking til deltakarar i slutta selskap for eit einskild høve. Løyva er ikkje knytt til bestemte personar eller skjenkestedar.
Når treng ein ambulerande bevilling?
Det kan serverast og drikkast alkoholholdig drikk utan bevilling i et leigd lokale, når ein privat person arrangerer selskap for ein slutta krets av familie eller venner, slik som ved bryllaup, fødselsdag eller liknande. Det er eit vilkår at alkoholserveringa er utan betaling, og at utleigar av lokalet ikkje står for andre delar av arrangementet enn sjølve utleiga av lokalet.
Dersom utleigar av lokalet står for innkjøp eller servering av mat eller drikke, vil det krevje bevilling, sjølv om dette gjerast utan vederlag. Det krev og bevilling i dei tilfella eit eksternt firma står for innkjøp eller servering av både mat og alkohol. For at ein kan ha alkoholservering utan bevilling, må dei alkoholhaldige varene alltid skaffas av privatpersonane sjølv, på same måte som om festen var heime.
Det er likevel ikkje noko til hinder for at ein bestiller mat frå eksterne firma, så framt dette ikkje involverer innkjøp eller servering av alkohol. Vilkåret om at utleigar ikkje må vere involvert i arrangementet er absolutt. Føresegnet er likevel ikkje til hinder for at det i lokalane fins musikkanlegg, kjøkken, serveringsutstyr og liknande som vert stilt til disposisjon for den som leiger lokalane.
Viss det direkte eller indirekte krevjast vederlag for alkoholholdig drikk må ein alltid ha skjenkebevilling.
Alminnelig skjenkebevilling (1 - 6 dager)
Skjenking alkoholholdig drikk i gruppe 1, 2 og 3 for eit einskild opent (offentleg) arrangement på 1 – 6 dagar som til dømes konsertar, teater, festivalar med vidare
Alminnelig skjenkebevilling (ut over 6 dager)
Skjenking alkoholholdig drikk i gruppe 1, 2 og 3 for eit einskild opent (offentleg) arrangement på 1 – 6 dagar som til dømes konsertar, teater, festivalar med vidare
Utviding av bevilling for arrangement
Innehavar av ordinær skjenkebevilling kan og søkje om utviding av bevilling for eit einskild høve dersom arrangement skal finne stad i direkte tilknyting til skjenkestaden (til dømes telt utanfor).