Sals- og skjenketider for alkohol


Salstider

Alkohollova og Lov om heilagdagar og helgedagsfred regulerer kor lenge butikkar kan ha opent og selje alkohol. Det er skilnad mellom dag før heilagdag og dag før høgtidsdag.
 

Hovedregel

Hovudregel
Dag Frå klokka Til klokka
Kvardagar 08.00 20.00
Laurdagar 08.00 18.00
Søndagar - -


Heilag- og høgtidsdagar

Heilag- og høgtidsdagar
Dag Frå klokka Til klokka
Onsdag før skjærtorsdag 08.00 18.00 - dag før heilagdag
Påskeaftan* 08.00 16.00 - dag før heilagdag
Dagen før 1. mai 08.00 20.00 - dag før høgtidsdag
Dagen før 17. mai 08.00 20.00 - daf før høgtidsdag
Dagen før Kristi himmelfartsdag** 08.00 20.00 - dag før heilagdag
Pinseaftan* 08.00 16.00 - dag før heilagdag
Julaftan* 08.00 16.00 - dag før heilagdag
Nyttårsaftan 08.00 18.00 - dag før heilagdag

 

*) Etter lov om heilagdagar og helgedagsfred er det ikkje tillate å halde opent lenger enn til kl. 16.00, difor må og ølsalet avsluttas då.
**) Dagen før Kr. Himmelfart kan øl seljast heilt fram til kl. 20.00, sjølv om det er dag før heilagdag, på grunn av unntak i alkohollova.

 

Skjenketider
 

Konsum av skjenka alkoholhaldig drikk må opphøyre seinast 30 minutt etter skjenketids slutt jf. Alkohollova§4-4.

Skjenketidene er like for alle dagar:
 

Skjenketider
Alkoholklasse Skjenketid inne Skjenketid ute
Alkohol klasse 1 Kl. 12.00 - 02.00 Kl. 12.00 - 24.00
Alkohol klasse 2 Kl. 12.00 - 02.00 Kl. 12.00 - 24.00
Alkohol klasse 3 Kl. 14.00 - 01.00 Kl. 14.00 - 24.00