Salsbevilling

Den som ynskjer å selje alkoholhaldig drikk frå butikk må søkje om salsbevilling. Det kan ikkje gjevast løyve til sal av øl og rusbrus til bensinstasjonar og kioskar jf. forskrift til alkohollova §3-4.

Det må søkjast om ny bevilling ved vesentleg endring i eigarsamansetninga og ved endring av konsept for verksemda.

Ved verksemdsoverdraging kan ny eiger drive på eksisterande bevilling i inntil tre månader. Melding om verksemdsoverdraging og søknad om ny bevilling skal leverast kommunen innan 30 dagar etter at overdraginga har skjedd. 

 

Skjema for søknad om salsløyve

 

Publisert av Martin Lundgård. Sist endra 08.02.2018 10:08