Inndraging av bevilling

Frå og med 01.01.2016 gjeld det eit nasjonalt prikktildelingssystem for sanksjonar ved brot på alkohollova.

Oppteningsperioden er sett til to år, med start 01.01.2016. Viss ei bedrift får 12 prikkar i løpet av perioden, vil bevillinga inndragast i ei veke. Dersom det i oppteningsperioden vert tildelt fleire enn 12 prikkar, skal kommunestyret auke lengda på inndraginga tilsvarande.

 

Dersom det ligg føre heilt spesielle og særs formildande tilhøve, kan kommunen tildele færre prikkar for eit brot

Dersom det ligg føre særs skjerpande tilhøve, kan kommunen tildele fleire prikkar for eit brot. Kommunestyret kan ved s særs skjerpande tilhøve og auke lengda på inndragingar, i de alvorlegaste tilfella for resten av bevillingsperioden.

Delegasjonsreglementet ligg til grunn for ansvarsdeling mellom kommunestyret og rådmannen. 

 

Publisert av Martin Lundgård. Sist endra 12.09.2016 av Martin Lundgård

Følgjande brot fører til tildeling av åtte prikkar:

  • sal, utlevering eller skjenking til person som er under 18 år, jf. alkohollova § 1-5 andre ledd
  • brot på plikt om yte bistand, jf. § 4-1 andre ledd i alkoholforskrifta
  • brot på kravet om forsvarleg drift, jf. alkohollova § 3-9 og § 4-7
  • hindring av kommunal kontroll, jf. alkohollova § 1-9.

 

Følgjande brot fører til tildeling av fire prikkar:

  • sal og utlevering til person som er openbart påverka av rusmiddel, jf. § 3-1 i alkoholforskrifta, skjenking til person som er eller må antakast å verte openbart påverka av rusmiddel, jf. § 4-2 første ledd i alkoholforskrifta
  • brot på sals-, utleverings- og skjenketidsbestemmingane, jf. alkohollova § 3-7 og § 4-4
  • skjenking av alkoholholdig drikk gruppe 3 til person på 18 eller 19 år, jf. alkohollova § 1-5 første ledd
  • brot på alderskravet til den som sel, utleverar eller skjenkar alkoholholdig drikk, jf. alkohollova § 1-5 tredje ledd.

 

Følgjande brot fører til tildeling av to prikkar:

  • person som er openbart påverka av rusmiddel gis adgang til lokalet, eller bevillingshavar syt ikkje for at person som er openbart påverka av rusmiddel forlét staden, jf. § 4-1 i alkoholforskrifta
  • manglar ved bevillingshavars internkontroll, jf. alkoholloven § 1-9 siste ledd, jf. kapittel 8 i alkoholforskrifta
  • manglande levering av omsetningsoppgåve innan kommunen sin frist, jf. kapittel 6 i alkoholforskrifta
  • manglande betaling av bevillingsgebyr innan kommunen sin frist, jf. kapittel 6 i alkoholforskrifta
  • brot på krav om styrar og stedfortreder, jf. alkoholloven § 1-7c
  • gjentatt narkotikaomsetning på skjenkestaden, jf. alkohollova § 1-8 andre ledd
  • gjentatt diskriminering, jf. alkohollova § 1-8 andre ledd.

Følgjande brot fører til tildeling av ein prikk:

  • brot på krav om alkoholfrie alternativ, jf. § 4-6 i alkoholforskrifta
  • brot på reglar om skjenkemengd, jf. § 4-5 i alkoholforskrifta
  • konsum av medbrakt alkoholholdig drikk, jf. § 4-4 i alkoholforskrifta
  • gjestar tek med alkohol ut av lokalet, jf. § 4-4 i alkoholforskrifta
  • brot på krav om plassering av alkoholholdig drikk på salsstaden, jf. § 3-3 i alkoholforskrifta
  • brot på vilkår i bevillingsvedtaket, jf. alkohollova § 3-2 og § 4-3
  • brot på reklameforbodet, jf. alkohollova § 9-2, jf. kapittel 14 i alkoholforskrifta
  • andre brot som omfattast av alkohollova § 1-8 første ledd, jf. mellom anna alkohollova § 3-1 sjette ledd, § 4-1 andre ledd, § 8-6, § 8-6a, § 8-12 og § 8-13.

 

 

 
 
Login for redigering