Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Vaksinering  |  Testing

Vaksinespørsmål: 57 73 80 00 (kvardagar 09.00–14.00)

 

Skatteetaten har ansvar for skatteoppkrevjar-oppgåvene

1. november 2020 overtok Skatteetaten ansvaret for skattoppkrevjar-oppgåvene som kommunen har hatt tidlegare. Det betyr at det ikkje lenger er skatteoppkrevjar i kommunen.

Skatteetaten vil dermed få samla ansvar for fastsetjing, all innkrevjing og kontroll av skatter og avgifter. 

Oppgåvene som vert overført til Skatteetaten er mellom anna:

  • innkrevjing av restskatt
  • skatt til gode
  • tilleggsforskot
  • forskotstrekk
  • arbeidsgjevaravgift
  • motrekning
  • utleggstrekk knytt til skattekrav
  • skatteattester
  • konto-/saldoutskrift for skatt og arbeidsgjevaravgift

For deg som har ei sak til behandling hjå Askvoll og Fjaler skatteoppkrevjarkontor, vert denne overført til Skatteetaten. Du vil få tildelt ny saksbehandlar/kontaktperson.

Kommunane har framleis ansvar for innkrevjing av kommunale krav.
 

Slik kjem du i kontakt med skatteoppkrevjar 

  • Telefon til Skatteetaten: 800 80000
  • Postadresse: Skatteetaten, Pb. 9200 Grønland, 0134 Oslo
  • på heimesida til skatteetaten www.skatteetaten.no kan du finne svar på mange spørsmål, søknader, bestilling av utskrift, klage mm.