Den som ynskjer å selje alkoholhaldig drikk frå butikk må søkje om salsbevilling. Det kan ikkje gjevast løyve til sal av øl og rusbrus til bensinstasjonar og kioskar jf. forskrift til alkohollova §3-4.
Det må søkjast om ny bevilling ved vesentleg endring i eigarsamansetninga og ved endring av konsept for verksemda.
Ved verksemdsoverdraging kan ny eiger drive på eksisterande bevilling i inntil tre månader. Melding om verksemdsoverdraging og søknad om ny bevilling skal leverast kommunen innan 30 dagar etter at overdraginga har skjedd.
Skjema for søknad om salsløyve