Kultur- og ungdomsmidlar

Kommunen gjev kvart år økonomisk støtte til kulturarbeidet i kommunen. Målet med ordninga er å fremje eit aktivt og allsidig kulturliv. Hovudsøknadsfrist er 15. mars. Resten kan tildelast som prosjektmidlar heile året med siste søknadsfrist 15. oktober.

Elisabeth Bustos - Klikk for stort bilete Tilskot

Det er fleire tilhøve som avgjer kor stort eit eventuelt tilskot vil bli, m.a. medlemstal og aktivitetsnivå. Syner til retningsliner for tildeling av kulturmidlar.

Ungdomsmidlar må søkjast separat. Andre søknader kan sendast samla.

Tilskotet blir som hovudregel utbetalt innan utgangen av mai.

Klagefristen er tre veker frå søkjaren har motteke meldinga om vedtaket.

Publisert av Margrete Reisæter. Sist endra 25.02.2015 22:41 av Reisæter, Margrete
 
 
Login for redigering